Hopp til innhold

Stor suksess med heimbrygga øl

Interessa for heimebrygga øl er stadig stigande. Denne helga var dei beste «amatørane» i Møre og Romsdal samla til smakskonkurranse i Ålesund.

Ølbryggingkonkurranse

Deltakarar frå 17 bryggeri deltok med 21 ulike brygg under smakskonkurransen fredag.

Foto: Gard Mek

– Det er kanskje «amatørar» som held på med dette, men resultatet var absolutt ikkje amatørmessig, seier Gard Mek i Møre og Romsdal Heimebryggarlaug.

Fredag kveld stilte 17 heimebryggeri frå heile Møre og Romsdal med 21 ulike brygg til smakskonkurranse i Ålesund.

– Bak kvart bryggeri står det folk som gjer dette på hobbybasis. Dette er glade amatørar som bryggar øl heime i kjellarar og garasjar, seier Mek.

Proffe «amatørar»

Trass i at alle deltakarane berre brygger øl på hobbybasis var det likevel eit alvorspreg over konkurransen.

Ålesund brygghus. vinnar av publikum prsien.

Ålesund brygghus var vinnar av publikumsprisen. Her saman med. nestleiar i bryggelauget Terje Pedersen og Gard Mek heilt til høgre.

Foto: Gard Mek

Profilerte personar frå kjende bryggeri som 7 Fjell bryggeri i Bergen, Austmann bryggeri i Trondheim, Tonga gardsbryggeri i Norddal og Grim & Gryt Økobryggeri i Hareid stilte som dommarar i dommarkonkurransen. Her var det Olsvika bryggeri som gjekk av med sigeren. Publikumsprisen gjekk til Ålesund brygghus.

Mek var imponert over det høge nivået blant heimebryggarane som stilte til konkurransen.

– Eg smakte ikkje eit einaste dårleg brygg, nivået var skyhøgt, seier han.

Stort engasjement

Møre og Romsdal Heimebryggarlaug starta opp i fjor og har no rundt 180 aktive medlem. Interessa er stigane, fortel Mek.

Olsvik bryggeri

Olsvik bryggeri blei vinnaren av dommarkonkurransen.

Foto: Gard Mek

– Vi har hatt ein fantastisk vekst og er no dobbelt så mange som vi var i fjor. Det er eit utruleg stort engasjement rundt om kring i fylket, seier han.

Mek fortel at sosiale samlingar som konkurransen i går er viktige for Heimebryggarlauget.

– Det gir oss ein arena der vi kan møtast, prate og dele erfaringar med kvarandre. Miljøet er stort her i fylket og det er framleis i vekst, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL