Hopp til innhold

Dagsturhytter er populære – no blir det fleire

Dei 22 dagsturhyttene i Agder er svært populære. Snart får alle kommunar si eige.

Dagsturhytte i Flekkefjord

Flekkefjord si dagsturhytte på Storeheia. Her kan ein glede seg over ei flott utsikt.

Foto: Lars Eie / NRK

– Utsikten er heilt fantastisk! Det er jo toppen av kransekaka, når du endeleg har kome deg opp.

Tom Nordstrøm har akkurat lagt bak seg dei bratte bakkane opp til dagsturhytta på Storeheia i Flekkefjord. Han er styreleiar i Flekkefjord og Opland turistforeining.

Hytta han er på i Flekkefjord er ei av 22 dagsturhytter i Agder.

Og dei har blitt svært populære.

Les også Selger hytta billig: – Nå snør det faen meg igjen

Agnar Svindland

Stor pågang

Omtrent 150.000 menneske besøkte hyttene i fjor.

Det er like mykje som halvparten av befolkninga i Agder.

Dagsturhytte Øiliheia Kristiansand

Ei av dagsturhyttene i Kristiansand, på Øiliheia.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Vi synest det er kjempegøy at så mange har besøkt hyttene! Vi veit jo at dei er flotte å sjå på og at dei ligg på fine stader. Men at det var so mange som skulle besøke dei det hadde vi ikkje trudd.

Bård Andreas Lassen jobbar med berekraftig utvikling i Agder fylkeskommune.

Det er dei og Sparebankstiftelsen SR Bank som står bak hyttene.

Målet er å gjere det lettare for folk flest å komme seg ut på tur i nærleiken av der dei bur.

– Vi ynskjer at folk skal bli meir fysisk aktive, så vi håper jo at dette prosjektet har ført til at folk har bevegd seg meir og kanskje fått betre helse.

Les også Hytteeiere advares mot å hyre private snøryddere – ulykker kan koste deg dyrt

Aleksander Kristoffersen skuffer snø. Bak står Kenneth Jørgensen.

Koser seg på tur

På Storeheia i Flekkefjord merker dei at mange bruker hyttene.

Nokon koser seg også litt ekstra.

– Vi ser jo at mange gjester legg ut bilete i sosiale medium kor dei til dømes fyrer opp i peisen og tar seg eit lite glas med vin, før dei tar turen ned igjen, seier Nordstrøm i DNT.

Tom Nordstrøm. Styreleder Flekkefjord og Oplands Turistforening

Tom Nordstrøm er nok litt over middels interessert i tur som styreleiar i Flekkefjord og Opland turistforeining. Han nyt utsikta frå Storeheia i Flekkefjord.

Det er dei som fører tilsyn med hytta i Flekkefjord. Og det er ikkje berre denne hytta som er populær.

Det er sette opp teljarar ved inngangen til fleire av hyttene, som registrerer antal besøkjande. Det er lysting lesing for fylkeskommunen.

– I Farsund var til dømes 25.000 innom hytta i løpet av 2023. Mens i Kvinesdal besøkte 5000 turgåarar kommunen si dagsturhytte, seier Lassen nøgd.

Les også Stor nedgang i vinterferiegjester: – Det er været som råder

Sirdal Fjellpark vinterferien 2024

Alle skal få

22 av 25 kommunar i Agder har no ei dagsturhytte. I løpet av våren vil også innbyggjarar i dei tre siste kommunane få si eige hytte.

– Vi er i gang i både Sirdal, Tvedestrand og Grimstad. Dei blir bygd ferdig fram mot mai månad, seier Lassen.

Dagsturhytta i Mandal

Utsikt og arkitektur blir trekt fram som gode kvalitetar med dagsturhyttene. Her er Mandal si.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %