Hopp til innhold

Startar landets første utdanning for velferdsteknologi i helsesektoren

Stadig nye tekniske hjelpemiddel gjer at mange eldre kan bu lenger heime. For første gong blir no komande helsepersonell drilla allereie på vidaregåande i korleis verktøya skal brukast.

Camilla Lundbø

Teamleiar Camilla Lundbø har tru på landets første utdanning i velferdsteknologi i helsevesenet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Oliver Remme er lærling i heimetenesta i Ålesund og møter dagleg eldre med behov for hjelp. I mange av heimane er teknologiske nyvinningar for lengst på plass.

– I heimetenesta er jo det ganske stort. Mange har jo medisindispenser, tryggleiksalarm og fallalarm. Det gir stor tryggleik for dei, seier Remme.

Oliver Remme

Oliver Remme er glad for at nye studentar kan lære meir på skulen om teknologiske hjelpemiddel i helsevesenet. Sjølv skulle han gjerne lært meir.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han er nettopp ferdig på Borgund vidaregåande skole i Ålesund, men utan at det var særleg fokus på korleis han skulle bruke dei ulike hjelpemidla som mange eldre har.

– Det vi har lært, er det vi har lært ute i jobb, seier den tidlegare klassevenninna Ella Hjelseth.

Ella Hjelseth

Ella Hjelseth seier ho har lært mykje etter at ho slutta på Borgund vidaregåande skole. No er ho lærling innanfor rus og psykiatri i Ålesund kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Men no kan det bli ei endring.

– Ikkje nok menneske

Til hausten startar Borgund vidaregåande skule den aller første linja i landet for velferdsteknologi i helsevesenet.

Camilla Lundbø

Teamleiar Camilla Lundbø ved Borgund vidaregåande skule seier det kjem til å bli manko på menneske i helsevesenet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Teamkoordinator Camilla Lundbø seier det er stort behov. Håpet er at elevar som er teknisk interesserte, skal finne ut at dei vil arbeide i eit omsorgsyrke.

– Fleire og fleire som skal ut og arbeide med menneske kjem i ein situasjon der det ikkje finst nok menneske. No kjem jo velferdsteknologi sterkare inn. Då er det behov for at personane som skal ut og arbeide med desse velferdsteknologiane veit kva det er snakk om, seier Lundbø.

Medisindosett

Mange eldre har medisindosettar som hjelper dei til å ta medisinen til rett tid.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Stadig meir som blinkar og pip

I løpet av dei siste åra har mange eldre tatt i bruk hjelpemiddel som gjer at dei kan bu lengre heime, slik målet til regjeringa er:

I tillegg brukar mange i helsevesenet elektroniske hjelpemiddel som tablettautomatar, spesialtelefonar, puls-, blodtrykksmålar og febermålarar.

Ingenting tyder på at det blir mindre av slikt framover.

Det er allereie over ein million eldre i Noreg. I løpet av fem år kjem det til å bli fleire eldre enn barn.

Les også Ny hverdag med bleiesensor for eldre: – Veldig verdifullt

Bleiesensor

Ønskjer å utdanne ressurspersonar

Men organisasjonen IKT Norge er ikkje imponert over norske kommunar, og tilrettelegginga for bruk av digitale hjelpemiddel. Direktør Line Gaare Paulsen har tidlegare uttalt til NRK at kommunane heng etter.

– Norske kommunar er ikkje flinke nok til å skaffe og ta i bruk hjelpemiddel, som kan bidra til å forhindre digitalt utanforskap blant eldre.

Line Gaare Paulsen, direktør i IKT Norge

Line Gaare Paulsen seier norske kommunar heng etter i bruken av digitale hjelpemiddel.

Foto: IKT Norge

På Borgund vidaregåande skole håper dei at dei 25 nye undervisningsplassane til hausten skal vere eit steg i rett retning.

– Vårt håp er at når vi startar tidleg opplæring, og viser dei moglegheitene og kva som allereie eksisterer der ute, så kan dei bli ressurspersonar når dei går ut i lære og i yrkeslivet, seier teamleiar Camilla Lundbø.

Les også Denne boksen gjør at Gunhild (95) kan bo hjemme

Gunhild Frafjord bruker en elektrisk medisindispenser. Maskinen mater ut tablettene automatisk hver morgen og kveld.