Hopp til innhold

Stal desinfeksjonsmiddel frå legesenter

Dagleg leiar ved Giske legesenter er sjokkert over at nokon har stole desinfeksjonsmiddel frå venterommet deira.

Karina Folland

Karina Folland meiner det er alvorleg at folk forsyner seg frå desinfeksjonsmiddelet til legekontoret.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det var fredag at legesenteret på Giske, utanfor Ålesund, hadde hengt opp to fulle 750 milliliters antibacflasker ved inngangane til venterommet. I løpet av dagen var begge vekke.

– Først forsvann den eine og så den andre. Eg blei heilt paff, seier dagleg leiar, Karina Folland.

– Alvorleg

Folland trur difor at nokon har stole flaskene frå legesenteret. Ho veit ikkje kven som har tatt dei, men håper det er same person som har tatt begge flaskene. Ho er sjokkert over det som har skjedd.

I hyllene hjå Apotek 1 Førde glimtar desinfeksjonsmiddla med sitt fråvær.

Fleire stadar i landet er hyllene på apoteket tomme.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Det er alvorleg. Vi skal ta imot dei sjuke og svakaste i kommunen, så det er viktig at vi har antibac. Eg synest det er egoistisk gjort.

Fleire apotek og butikkar landet rundt har blitt utseld for desinfeksjonsmiddel dei siste vekene. I februar selde apoteka i Noreg om lag fem gongar så mykje av slike produkt som tilsvarande månad i fjor. Det fortel Apotekforeningen.

Også i Giske kommune skal det ifølge Folland vere tomt for desinfeksjonsmiddel på apoteket. Ho fortel også at mange leverandørar er i ferd med å gå tom.

– Folk må skjøne at om det er eit leveringsproblem på antibac, så gjeld det oss også. Vi ikkje har eit hemmeleg, utømmeleg lager, så vi treng det vi har.

Karina Folland sjekkar kor mange flasker dei har på lager med Antibac

Legekontoret har berre nokre få flasker att med desinfeksjonsmiddel på lageret sitt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Stor pågang i butikken

Ann Kathrin Runde Lausund jobbar på Kiwi-butikken som ligg i same bygning som legekontoret. Også dei har merka pågangen frå kundar som ønsker å få tak i desinfeksjonsmiddel.

– Særleg dei siste dagane har mange vore innom og spurt. Vi er utselt og det verkar som det er det overalt. Kundane fortel i alle fall at dei har vore innom fleire butikkar utan hell, seier Runde Lausund.

Ho reagerer på tjuveriet frå legekontoret.

– Det er tullete at nokon har tatt det derifrå. Er det ein plass at slikt burde vere tilgjengeleg heile tida, så er det der.

Ann Kathrin Runde Lausund

Ann Kathrin Runde Lausund i Kiwi har kundar som spør etter desinfeksjonsmiddel kvar dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ordføraren er overraska

Harry Valderhaug, ordførar i Giske kommune (KrF), blei overraska då han fekk høyrde om hendinga. Han kjenner ikkje til at liknande ting skal ha skjedd ved andre kommunale bygg.

– Eg synest det er trasig at nokon har tatt dette frå eit legesenter der det er sårbare grupper. Slike ting skal vere til hjelp for alle.

Han meiner likevel at det seier noko om korleis folk reagerer ulikt på frykta for koronaviruset.

– Det er jo ein spesiell ting å gjere seg til kjeltring for. Men det viser kanskje at enkelte har meir panikk enn andre.

Harry Valderhaug

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug, meiner dette viser at enkelte har panikk for koronaviruset.

Foto: Trond Vestre / NRK

Håper dei får henge i fred

Laurdag blei det hengt opp nye flasker med antibac på legesenteret. No håper Folland at desse får henge i fred.

– Vi må ha tilgang til desinfeksjonsmiddel for dei som kjem hit, så vi har ikkje noko anna val enn å henge opp nye. Men eg håper at det var eit eingongstilfelle og at desse ikkje forsvinn, seier ho.

– Eg håper at denne saka kan få andre til å tenke seg om, seier Folland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL