Hopp til innhold

Koronafrykt tømmer apotekhyller

FØRDE (NRK): Etter å ha selt om lag fem gongar så mykje handsprit som vanleg, er det no tomt i mange apotek.

I hyllene hjå Apotek 1 Førde glimtar desinfeksjonsmiddla med sitt fråvær.

TRENG PÅFYLL: I hyllene hjå Apotek 1 Førde står det berre fem pakkar med desinfeksjonsserviettar att. Dei vart rivne vekk ikkje lenge etter biletet vart teke.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Me veit ikkje heilt når me får inn meir desinfeksjonsmiddel, men grossisten har bestilt inn store mengder som skal fordelast utover, seier dagleg leiar i Apotek1 Førde, Anne-Grete Reikvam.

Dei håpar å få inn meir i slutten av veka.

I tillegg til å vera tomme for handsprit, er apoteket også tomme for munnbind. Også dei andre apoteka i byen er nær sagt tomme for desse varene, på same vis som det er mange andre stadar i landet.

– Det er ikkje inntrykket mitt at folk blir så veldig stressa når dei ikkje får tak i desinfeksjonsmiddel, seier Reikvam.

Ho seier at det er viktig for dei å opplysa kundane om Folkehelseinstituttet sine råd for å beskytte mot smitte.

– Fyrstevalet er handvask med såpe og vatn.

Apotekaren seier det også er ein del etterspørsel etter munnbind.

– Me anbefalar ikkje å bruka munnbind. Det førekjem det ofte feilbruk av, som faktisk kan auka smitterisikoen, seier Reiekvam.

Anne-Grete Reikvam

VENTAR: Dagleg leiar i Apotek1 Førde, Anne-Grete Reikvam, seier det er bestilt inn meir handsprit.

Foto: Sjur Mikael Dolve / NRK

Auka voldsomt i februar

– I februar selde apoteka i Noreg om lag fem gongar så mykje desinfeksjonsmiddel som tilsvarande månad i fjor, seier Jostein Soldal som er kommunikasjonssjef i Apotekforeningen.

Jostein Soldal, kommunikasjonssjef Apotekforeningen

TOMT: – Det er ikkje så rart at apoteka er tomme for handsprit når etterspørselen er så stor, seier kommunikasjonssjef i Apotekforeningen, Jostein Soldal.

Foto: Stian Gregersen

Også i januar selde apoteka meir handsprit enn vanleg. Soldal seier at han ikkje er overraska over at apoteka går tomme med tanke på pågangen.

– Apoteka og grossistane gjer nok det dei kan for å fylla opp varelagera, seier han.

Kan det henda ein går heilt tom for desinfeksjonsmiddel?

– Eg har ikkje oversikt over kva innkjøpsmogelegheiter apoteka og grossistane har. Det er likevel klart at dette er produkt det også er stor etterspørsel etter i andre land, seier Soldal.

Også i samband med svineinfluensapandemien i 2009 og 2010 hugsar Soldal at det var høg etterspurnad etter antibakterielle middel og periodevis utselde apotek.

Anbefaler god handvask

– Å vaska hendene godt med lunka vatn og flytande såpe er det rådet me gir, seier Kari Holvik Furevik, seksjonsleiar smittevern i Helse Førde.

Kari Holvik Furevik utanfor Førde sentralsjukehus.

TILRÅR FLYTANDE SÅPE: Kari Holvik Furevik, seksjonsleiar smittevern i Helse Førde, opplyser om at flytande såpe er betre enn såpestykker. – I såpestykker er det betre tilhøve for bakterievekst, seier ho.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Ho trekk fram at ein bør vaska nevane når ein kjem heim, når ein har vore på toalettet, før ein et og om ei har vore i kontakt med sjuke.

Furevik kjenner ikkje til leveringsproblem rundt desinfeksjonsmiddel til Helse Førde.

Kva gjer de om de står i fare for å gå tomme?

– Me kjem til å gjera tiltak før me er tomme for desinfeksjonsmiddel, seier ho.

Tiltaka kjem til å dreia seg om å vera tydelegare på når det er ein skal og når ein ikkje skal bruka desinfeksjonsmiddel.

Seksjonsleiaren har lite tru på at andre etanolbaserte produkt direkte kan erstatta handsprit.

– I desinfeksjonsmiddel er det minst 70 prosent etanol, seier Furevik.