Hopp til innhold

Solskjær må stole på at unggutane innfrir dersom det skal bli gull

I Molde er spelarstallen klar til seriestarten. Trenar Ole Gunnar Solskjær har henta fleire unge spelarar, som han gjerne vil gi stort ansvar ved første anledning.

Ole Gunnar Solskjær
Foto: Willie Vass / NTB scanpix

Det kriblar litt ekstra i føtene både hos Moldetrenarane og spelarane no rett før seriestart.

– Vi gler oss veldig til seriestart. Eg synest at vi har ein stall som ser veldig lovande og spennande ut. Vi har mange unge talent på midtbane og rutinerte spelarar bak, så det er eg fornøgd med, seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

– Du må stole ein del på unggutane i år?

– Ja det må eg, men eg likar å gi dei tillit, seier Solskjær.

Dei unge spelarane blir viktige

Fredrik Aursnes er ein av unggutane det stillast høgast forventningar til. Han meiner at dei unge spelarane kjem til å innfri i den komande sesongen.

Fredrik Aursnes
Foto: Roar Strøm / NRK

– Ja, det trur eg. Eg meiner at vi spelte bra i Europligakampen mot Sevilla og det viser at vi er til å stole på, seier han.

Aursnes var ønska av fleire klubbar då han til slutt gjekk frå Hødd til Molde i desember i fjor. Debutkampen var mot Sevilla der han imponerte stort. No gler han seg til eliteseriedebuten mot Tromsø på søndag.

– Eg ser veldig fram til det og gler meg mykje, seier han.

Moldemanager Ole Gunnar Solskjær trur Aursnes vil bli ein profil i årets tippeliga.

– Eg trur han kjem til å få ein veldig bra sesong, seier han.

Det håpar også 20-åringen frå Hareid.

– Eg forventar ikkje at det skal skje i første sesongen min, men eg håpar det, seier Aursnes.

Rekordtidleg start

I år er det rekordtidleg seriestart for Tippeligaen. Aldri tidlegare har eliteserien i fotball starta tidlegare enn den gjer denne sesongen og 1. serierunde går helga 12.–13. mars.

Solskjær trur det er ein fordel for Molde FK.

– I og med at vi måtte spele oss i form til Sevilla-kampane, så er det bra at serien no er i gang i staden for at vi må vente til april, seier han.

Aursnes meiner at klubben no er klar for å kunne stikke av med gullet.

– Det ser bra ut på trening og vi har trent godt no i vinter, så eg trur vi er veldig klar, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL