Hopp til innhold

Vil kjempe for fast plass på laget

Fredrik Aursnes fekk draumestarten i Molde då han debuterte borte mot Sevilla i Europaligaen. No håpar han på fast plass på laget.

Fredrik Aursnes

Arkivfoto: I desember 2015 signerte Fredrik Aursnes frå Hareid ei fireårskontrakt med Molde FK. No håpar han på fast plass på laget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Då Molde-spelar Fredrik Aursnes gjekk på bana under Europligakampen mot Sevilla torsdag kveld målte han krefter mot kjende fotballspelarar som blant anna Fernando Llorente og Éver Banega.

– Det var sjølvsagt veldig spesielt å starte karrieren mi i Molde på den måten. Det var ein stor kamp å debutere i, seier Aursnes.

20-åringen frå Hareid fekk heile 80 minutt speletid mot det spanske laget.

– Resultatet var surt, men det var veldig kjekt å få spele, seier Aursnes.

Vil kjempe for plassen

Aursnes var ønska av fleire klubbar då han til slutt gjekk frå Hødd til Molde i desember i fjor. Samtidig blei han den dyraste Hødd-spelaren nokon gong.

Aursnes mot Kara

Fredrik Aursnes spelte på A-laget til Hødd frå 2012 til 2015.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Du er alltid spent på om du har tatt det rette valet når det er mange klubbar som er interessert. Men eg er veldig fornøgd med det valet eg har tatt og eg får gode signal om speletid, seier Aursnes.

Trass i sin unge alder har 20-åringen likevel ei lang liste med merittar å vise til. Aursnes spelte på A-laget til Hødd frå 2012 til han signerte ei fireårskontrakt med Molde før jul. Han blei også tidenes yngste cupvinnar då Hødd vann NM-finalen i 2012. I tillegg står han bokført med ein rekke kampar for U21-landslaget.

No håpar han på fast plass i Molde-troppen.

– Eg har ingen forventingar om å få spele fast frå starten av, men eg har sjølvsagt ambisjonar om å få spele mest mogleg, seier Aursnes.

– Men eg er innstilt på å stå på og kjempe for plassen, held han fram.

Gler seg til sesongstart

Moldemanager Ole Gunnar Solskjær har tidlegare uttalt at han trur ungguten kan tilføre mykje til laget.

Ole Gunnar Solskjær

Moldemanager Ole Gunnar Solskjær har stor tru på ungguten frå Hareid.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Han gir oss ekstra driv, høg frekvens og han er god med ballen. Ein spelar vi har stor tru på at vi kan utvikle til å bli ein topp, topp fotballspelar, sa Solskjær til NRK i desember.

Med berre veker igjen til tippeligaen startar i mars ser Aursnes fram til den komande sesongen.

– Eg har aldri spelt i tippeligaen før så det er klart eg gler meg. Eg håpar at vi kan ligge i toppen av tabellen, seier Aursnes som til no har spelt på det nest øvste nivået i Noreg.

Han fortel vidare at starten i Molde har vore bra og at ambisjonane før sesongen er klare.

– Eg har lyst å score fleire mål. I tillegg håper eg å kunne bidra på laget og gjere dei rundt meg betre, seier Aursnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL