Statsminister Erna Solberg besøkte Kristiansund tysdag, og fekk ein presentasjon om statusen for utbygginga av det nye nødnettet på Nordmøre og i Romsdal.
– Det verkar no som at vi er på sporet med å få god dekning, og at vi klarer det innanfor budsjettet, og det er veldig bra, seier Solberg.
Naudnettet er infrastrukturen som naudetatane skal bruke ved utrykning. Dei har tidlegare hatt problem med at det analoge utstyret, som framleis er i bruk, har for dårleg dekning. Det nye naudnettet er eit digitalt samband som skal ha betre dekning i fleire område. I tillegg er det avlyttingssikkert.
– Dette er heilt naudsynt for at vi skal få beredskapen til å fungere i Noreg, seier statsministeren.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Treng ytterlegare utvikling
Direktør Tor Helge Lyngstøyl frå Direktoratet for naudkommunikasjon informerte statsministeren om situasjonen til naudnettet. Han ser også optimistisk på prosessen.
– Det er all grunn til å vere optimistisk. Vi set i drift om lag 20 stasjonar kvar einaste veke og det er fint å vite at vi når målet om å bli ferdig i heile Noreg i 2015.
Det vil vere behov for å utvikle nettet vidare etter at det er på plass, og Erna Solberg stadfestar at regjeringa vil bevilge pengar til å utvikling heilt til eit komplett naudnett er ferdig.
Sjå tv-reportasjen om besøket her:
– Det vil vere pengar til å vedlikehalde og vidareutvikle nettet. Det vil kunne komme nye funksjonar og nye typar dekning framover.
Politiet blir først digitalt
Leif Einar Bergem Ohr er lokal prosjektleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Han seier at nytt digitalt utstyr er montert i politibilane i påvente av at nettet blir klart.
– I november skal vi i gang med ein tidleg bruk av nettet, og i desember skal vi ha ein formell oppstart av naudnettet. Då skal alle i distriktet kun bruke naudnett, seier Bergem Ohr.