Hopp til innhold

Geiranger kan få naudnett neste år

Strandaordførar Jan Ove Tryggestad har håp om at ein mangeårig kamp for naudnett frå Geiranger og sørover vil gi resultat.

hurtigruten Geiranger

Kvar sommar kjem det store mengder turistar til Geiranger. Men naudnett manglar.

Foto: Knai, Vidar / NTB scanpix

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad håper naudnettet kjem på plass neste år.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Store deler av strekninga mellom Geiranger og Skjåk er utan naudnett. I tillegg er mobildekninga også dårleg. Kvar sommar kjem det enorme mengder med turistar og ordførar Jan Ove Tryggestad er klar på at no må naudnettet på plass for å gi reiselivsnæringa tryggleik.

– Vi har jobba med dette i mange år, men her som i mange andre samanhengar handlar det om økonomi, seier Tryggestad.

Eit håp neste år

Han meiner at det nesten er uforståeleg at området er utan naudnett når ein veit kor mykje folk som ferdast her.

LES OGSÅ:

No håper han på eit gjennombrot i saka og at eit nett frå Geiranger til Dalsnibba kan vere på plass i løpet av 2014.

Utan mobildekning

Stranda kommune vil også utfordre mobiloperatørane til eit samarbeid for å bygge opp eit mobilnett. I går var det synfaring med mellom anna selskapet Motorola.

– Sjøv om mobildekning ikkje er like viktig som eit naudnett, vil turistar og andre som vert utsett for uhell i området, oppleve det som vanskeleg å ikkje kunne ringe for å varsle, seier Tryggestad.