– Heile naudnettsaka er ei skandale

– Faren er at vi ikkje har god nok dekning når det skjer katastrofar. Dette kan til sjuande og sist gå utover liv og helse, seier Ottar Grimstad i legeforeininga.

Naudnett dekning IKKE BRUK

I 2007 var dekningskravet i kontrakten mellom DNK (Direktoratet for naudkommunikasjon) og Motorola på 80 prosent. Fem år seinare i 2012, i ei ny kontrakt NRK har fått i hende, er kravet på 70 prosent. På kartet ser ein kor låg dekningsprosent dei ulike fylka har fått med årets kontrakt.

Foto: NRK

Det var måndag kveld at NRK kunne avsløre at dekningskravet til det nye naudnettet har blitt nedjustert, sett i ei ny hemmeleg kontrakt.

Sogn og Fjordane kjem verst ut, og fell frå 86 til 57 prosent dekning.

På dei neste jumboplassane bak følgjer Sunnmøre frå 88 til 61 prosent, Midtre Hålogaland frå 84 til 61 prosent, samt Nordmøre og Romsdal frå 84 til 62 prosent dekning.

– Dette er svært alvorleg, meiner Ottar Grimstad.

Saka held fram under bildet.

Nytt nødnett Nedre Romerike legevakt

På Austlandet har det nye naudnettet allereie fått kritikk.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Helsepersonell i teneste må ha dekning

Ottar Grimstad

Ottar Grimstad, leiar i Møre og Romsdal legeforening, meiner dårlegare naudnett kjem på bekostning av liv og helse.

Foto: NRK

Grimstad er leiar i Møre og Romsdal fastlegeforeining. Den nye kontrakten som NRK i går avdekte meiner han er berre nok eit ledd i skandalen.

– Det er dessverre all grunn til å kalle heile naudnettsaka ei skandale. Får før veit vi at det har vore store problem med dekninga innandørs på naudnettet.

– Og vi veit at helsepersonell i teneste på vakt må ha dekning innandørs for å ta imot nødvendige meldingar, seier Grimstad.

At dekningsprosenten fell med mange prosent, i mange fylke, meiner han er uhaldbart.

– At vi kan risikere å vere utan samband på skadestadar og katastrofestader blir rett og slett heilt uhaldbart, tordnar Grimstad til NRK.no.

Grimstad meiner no at folk må høyre på helsedirektøren, som han seier gong på gong har åtvara mot naudnettet i dagens form.

Arnstein Nilssen

Arnstein Nilssen, politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, ser med vantru på at naudnett-dekninga i eige distrikt krympar frå 84 til 62 prosent.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiet er uroa

På Nordvestlandet har dekningsprosenten felle godt over 20 prosent. Fjell, fjordar og øyar byr på utfordringar, men det er inga unnskyldning.

– Det er svært beklageleg om alt det NRK har meldt er korrekt, seier Arnstein Nilssen, politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– Dersom det er korrekt så blir det dårlegare eller inga dekning i grisgrendte strøk og i fjellområda våre, trur Nilssen.

Han viser til at dagens politinett i distriktet er godt.

– Men dette er eit ope nett, så alle som har mottakar kan avlytte. Slik skal det ikkje vere med naudnettet. Men ein stiller spørsmål når dekningsgrada blir dårlegare.

– Eg er rett og slett uroa om dekningsgrada blir så låg som antyda, avsluttar Nilsen.

Sjå saka som gjekk i Dagsrevyen måndag i videoen under:

En ny hemmelig kontrakt med leverandøren for nødnettet slår fast at nettet skal dekke langt mindre av Norge enn det Stortinget bestilte. Opposisjonen mener Stortinget er ført bak lyset.

Naudnettet skal dekke langt mindre av Noreg enn bestilt.

– Dette er Jens Stoltenberg sitt ansvar

At dekningsgrada i fylke med meir natur og større spreiing får svært låg dekningsprosent, ser Ottar Grimstad i investeringa.

Statsminister Jens Stoltenberg

Ottar Grimstad meiner Jens Stoltenberg må ta ansvar i naudnettsaka.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det fortel at både teknologi og investeringsgrada ikkje er stor nok til å gi dekning i dei litt geografisk vanskelege forholda. Det seier òg at naudnettet ikkje er godt nok for slike forhold.

– Kva meiner du må gjerast no?

– Dette er ei sak på regjeringsnivå. Dette er Jens Stoltenberg sitt ansvar, meiner Grimstad.

– Kva kan legeforeininga gjere?

– Dei siste opplysningane om dekningsgrad er nye etter NRK sine avsløringar. Så eg må undersøke oppover i mitt system, og undersøke kor godt kjent dette er, avsluttar leiaren i Møre og Romsdal legeforeining.

Nye dekningsgrader for nødnettet

Politidistrikt

Ønsket dekningsgrad for området, ekskludert saltvannsareal

 

Kontrakt fra 2007

Kontrakt fra 2012

Oslo

99%

99%

Østfold

98%

98%

Follo

99%

99%

Romerike

98%

98%

Hedmark

86%

84%

Gudbrandsdal

84%

71%

Vestoppland

88%

80%

Nordre Buskerud

85%

74%

Søndre Buskerud

96%

96%

Asker og Bærum

99%

99%

Vestfold

98%

95%

Telemark

80%

71%

Agder

80%

74%

Rogaland

89%

73%

Haugaland og
Sunnhordland

89%

75%

Hordaland

88%

70%

Sogn og Fjordane

86%

57%

Sunnmøre

88%

61%

Nordmøre og
Romsdal

84%

62%

Sør-Trøndelag

89%

76%

Nord-Trøndelag

82%

72%

Helgeland

76%

58%

Salten

52%

60%

Midtre Hålogaland

84%

62%

Troms

63%

57%

Øst-Finnmark

63%

72%

Vest-Finnmark

65%

61%