Tar i bruk nytt naudnett i desember

– Vi har kome langt i arbeidet med nytt naudnett, kanskje lengre enn dei aller fleste. Det seier politimeister i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilssen. Han trur dette er årsaka til at statsministeren i dag besøkjer nettopp Kristiansund for å snakke om det nye naudnettet.

Arnstein Nilssen

Arnstein Nilssen er politimeister i Nordmøre og Romsdal.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Ved store og små kriser, ulukker eller større hendingar, skjer det stadig at dei ulike naudetatane treng å snakke med kvarandre. I dag skjer dette via eit samband som er ope, men i løpet av 2015 skal eit nytt digitalt samband stå ferdig over heile landet.

– Vi er nesten i mål og vil ta i bruk dette i starten av desember, seier Nilssen til NRK.

– Vil gi ny kvardag

Når Erna Solberg i dag besøkjer Kristiansund, får ho demonstrert korleis dette sambandet skal fungere. Nilssen trur ho vil bli fornøgd med det ho ser.

– Det er eit lukka, kryptert samband som vil gi naudetatane ein ny kvardag når dei jobbar på ein skadestad, seier Nilssen.

Han legg særleg vekt på at sambandet har god rekkevidd og at sambandet er lukka slik at ingen andre kan lytte til det som blir sagt.

– Med dette nettet kan dei tre naudetatane snakke direkte med kvarandre utan at nokon kan bryte inn eller avlytte sambandet, seier politimeisteren.