NVE kom med si siste oppdatering om Veslemannen i 18-tida måndag.
Der opplyser dei at farten i øvre del av fjellpartiet har minka noko sidan farenivået vart sett til raudt nivå søndag morgon.
Seksjonsleiar og geolog i NVE, Lars Harald Blikra.
Foto: Remi Sagen / NRKRørslene det siste døgnet har vore på omtrent 18 centimeter.
I nedre del er rørslene framleis relativt store, og ligg på om lag 1,5 centimeter i døgnet.
– Det har ikkje minka så veldig. Og så har vi hatt nokre episodar der situasjonen i fjellet brått har endra seg, så vi tek ikkje sjansen på å redusere farenivået enno, utdjupar Lars Harald Blikra i NVE til NRK.
Framleis snø i fjellet
Veslemannen er eit ustabilt fjellparti ved fjellet Mannen.
Foto: NVEDet har ikkje gått skred måndag.
Nysnøen som kom onsdag og torsdag sist veke er smelta, men det ligg framleis ein del snø igjen i snøfonna over Veslemannen.
– Mykje snø er vekke no, så vi håper å kunne redusere farenivået snart, seier Lars Harald Blikra.
– Betyr det at farenivået blir sett til gult tysdag?
– Det veit eg ikkje. Det går treigt. Fjellet stabiliserer seg veldig seint. Så vi får sjå, seier geologen.
Det er meldt tørt og relativt varmt dei neste dagane, skriv NVE i si grunngjeving.
Det har vore registrert nokre steinsprang frå fjellet Mannen natt til måndag og måndag morgon, men ingen seinare på dagen.
Foto: Roar Halten / NRKHøge bevegelsar og steinsprang
Søndag blei farenivået ved fjellet Mannen heva til raudt for trettande gong sidan 2014, og bebuarane under fjellet måtte igjen forlate heimane sine.
Gustav Pless, geolog i NVE.
Foto: Sissel Brunstad / NRKFarenivået blei oppjustert på grunn av auka bevegelsar og mange steinsprang. Bevegelsane i fjellpartiet byrja å auke natt til søndag og heldt seg høge utover søndagen.
Søndag hadde den øvre delen av fjellpartiet Veslemannen flytta seg 212 millimeter og frontpartiet 15 millimeter det siste døgnet. Det er den største farten på forflyttingane så langt i år.
– Fjellpartiet er meir ustabilt og har sprekt opp meir enn tidlegare år. Vi ser også at fjellet reagerer raskare på mindre vatn enn det gjorde før, sa geolog Gustav Pless til NRK måndag morgon.
– Gjer dette at fjellet er vanskelegare å lese?
– Nei, vi ser dei same indikasjonane som tidlegare år, men vi ser det tidlegare i sesongen.
Sjå videoen av kva som kan skje om det går eit ras frå fjellet Mannen.
- Les også:
Rekordtidleg evakuering
30. juni oppjusterte NVE farenivået ved Mannen til raudt for første gong i år.
Dette er første gong at farenivået har blitt heva til raudt så tidleg på året. Tidlegare har den tidlegaste evakueringa vore i august.
Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad.
Foto: Remi Sagen / NRKBebuarane under fjellpartiet har no blitt evakuerte to gonger på ei veke.
Ordførar i Rauma Lars Olav Hustad, er uroa over dei stadige evakueringane.
– Eg fryktar at dette blir ein svært belastande sommar for dei om ikkje skredet går, sa Hustad til NRK søndag.
Også innbyggjarane fryktar ein travel sommar.
Neste oppdatering frå NVE om situasjonen ved Veslemannen er venta tysdag morgon.