Hopp til innhold

– Eg veit ikkje korleis eg kan overtale dei

Dagens informasjon til asylsøkjarar er ikkje nok til å forhindre illegale kjønnslemlestingar. Det meiner Olav Hoff i Ålesund mottakssenter.

Olav Hoff

Olav Hoff, leiar i Ålesund mottakssenter, synest det er vanskeleg å nå fram til dei som er positive til omskjering av jentebarn.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Den siste tida har Olav Hoff snakka med fleire kvinner som ønskjer å omskjere borna sine – trass i det norske forbodet.

– Her om dagen hadde eg ein samtale med ei elles fornuftig dame. Eg vart sjokkert over haldningane hennar. Ho meinte at dottera burde bli omskore, fortel han.

– Treng meir kunnskap

Mottaksleiaren seier at samtalen vart ei slags aha-oppleving for han.

– Tidlegare har eg nok førestilt meg at dette er ei problemstilling som meir fjernt frå oss, men no fryktar eg at somme vel å gjennomføre ei illegal kjønnslemlesting også her til lands, seier han.

Hoff meiner det er behov for langt meir kunnskap om korleis ein best kan nå fram til dei som har positive haldningar til kjønnslemlesting.

– Eg er rett og slett er veldig i tvil om korleis vi skal snakke med desse kvinnene om dette. Vi treng meir kunnskap for å vite korleis vi skal gå fram.

Samarbeid

Hoff trur også det er behov for eit meir intensivt informasjonsarbeid overfor innvandrarar og asylsøkjarar når det gjeld kjønnslemlesting.

– Her i Ålesund har vi nett kontakta Amathea-stiftinga for eit mogleg samarbeid. Målet er å få formidla dette til våre bebuarar på ein fornuftig måte som faktisk endrar haldningar. Eg håper vi får på plass samarbeidet så snart som råd, seier mottaksleiaren.

– Ikkje gi opp

Safia Abdi Haase i Amathea-stiftinga er ein av pionerane i arbeidet mot kjønnslemlesting i Noreg. Hennar råd til mottaksleiaren er å ikkje miste motet.

– Han må ikkje gje opp. Endringsprosessen er smertefull for dei det gjeld; du blir fortalt noko som du aldri har høyrt før og som går imot kulturen og religionen din. Hoff må derfor berre halde fram med spreie kunnskapen om at praksisen er ulovleg i Noreg, oppmodar ho.

Artikkelen held fram etter bildet.

Safia Abdi i TV-aksjonen

Safia Abdi Haase er utdanna sjukepleiar og jobbar i Amathea-stiftinga. Ho meiner arbeidet mot kjønnslemlesting har gitt resultat i Noreg, sjølv ein enno ikkje er i mål.

Foto: Jørgen Gangstøe / NRK

Held føredrag

Haase, som opphavleg kjem frå Somalia, vart sjølv kjønnslemlesta som lita. I dag reiser ho rundt i Noreg for å informere om temaet til andre som kjem frå kulturar der praksisen er utbreidd.

– Når eg startar føredraget hender det at somme som flirer av meg og mine haldningar mot omskjering. Men tjue minutt inne i føredraget er det alltid nokon som gret. Til sist er dei fleste einige om at omskjering og kjønnslemlesting ikkje høyrer heime i nokon kultur, fortel ho.

– Gode resultat

Haase hevdar at haldningsarbeidet har gitt gode resultat i Noreg, men at meir tid og meir informasjon må til.

– Vi har bevis på at kunnskapen og informasjonen som går ut i dag faktisk fungerer. Endringsprosessen er i gong, men han vil framleis vere smertefull for mange – både ofra og dei som forsøker å overtale andre til å skifte ei inngrodd haldning, avsluttar ho.