NRK Meny
Normal

Nye tiltak skal hindre omskjæring

Frå hausten skal alle landets helsesøstre kalle inn minioritetsforeldre til samtale om omskjæring. Jentene får også tilbod om frivillege underlivsundersøkjingar.

Helsesjekk

HELSESJEKK: Gjennom nye tiltak, som frivillege underlivsundersøkjingar, er målet å hjelpe omskårne jenter med helseplager og hindre nye kjønnslemlestelsar.

Foto: Eirik Kleiven / NRK

Gwyn Øverland

Gwyn Øverland

Foto: Tunaal-Larsen, Johanne/NRK

Hensikta er å hjelpe omskårne jenter med helseplager og hindre nye kjønnslemlestelsar.

– Utfordringa blir å få samtalen med foreldra og at dei kjem. Det vert kjempespennande å sjå korleis dette går. Vi må ha litt is i mange å finne ut kor mange jenter dette gjeld, seier helsesøster i Kristiansand, Marit Høy Knudsen til NRK.no.

15 omskårne jenter

Kor mange jenter som vert teke ut av Norge for å omskjærast i heimlandet kan ikkje talfestast. Ei kartleggjing i 2008 avdekte 15 omskårne jenter over ein toårsperiode.

– Eg trur det er det samme om det er omfattande eller ikkje. Eg trur at å utradere dette totalt er eit verdig mål, sjølv om det er berre ei jente. Det er antakeleg fleire enn det, seier Gwyn Øverland som gir råd til kvinner som arbeider mot omskjæring.

Det har blitt utreda obligatorisk underlivsundersøkjing av alle jenter, men slike masseundersøkjingar kom blant anna i strid med retten til privalit i menneskerettskonvensjonen.

Frå hausten av skal i staden helsesøstre over heile landet ha obligatoriske samtalar med foreldre frå enkelte land.

Applauderer reglane

Leiar av somalisk foreining i Agder Abdullaahi Ahmed Ali applauderer dei nye reglane, men etterlyser likevel undersøkjing av jentene. Han fryktar at enkelte kan bli kjønnslemlesta på det dei trudde skulle vere ein ferietur.

– Dersom ein gjer undersøkjing får vi meir informasjon. Dette er tida for ferie og eg veit om folk som kan gjere slikt med barna, seier han til NRK.no.

Tilbod om samtalar og undersøkjingar har vore prøvd ut i enkelte bydelar i Oslo og Drammen. Berre ei handfull familiar lot jenta si bli undersøkt. Høy Knudsen trur ikkje på masseundersøkjing sjølv om tilbodet no vert landsomfattande.

– Det viktigaste for oss er å førebyggje at det skjer. Det kjem heilt an på korleis ein ordlegg seg og at ein ikkje verkar fordømmande og moraliserande. Dette kan også vere vanskeleg for desse folka sjølve, seier ho.

Abdullaahi Ahmed Ali

NØGD: Abdullaahi Ahmed Ali i somalisk foreining er nøgd med tiltaka.

Foto: Tunaal-Larsen, Johanne/NRK

Klinikk for omskårne jenter

Sørlandet sykehus i Kristiansand opplever at nokon tek med seg den omskårne jenta og ber legane opne henne igjen. Ein eigen klinikk for nettopp dette vart starta opp i fjor.

– Tilbodet er godt motteke av dei som har brukt det, men vi trur det er fleire som kunne ha hatt glede av det, seier avdelingssjukepleiar Inger Klourmann ved gynekologisk avdeling.

Inger Kloumann

Inger Kloumann

Foto: Tunaal-Larsen, Johanne/NRK

Ho peikar på at det ofte ikkje er enkelt å skulle bryte med tradisjonar.

– Inngrepet er raskt og ganske enkelt reint fysisk. Men det er jo ein del emosjonelle ting rundt dette. Eg trur ikkje det er så vanskeleg for nokon av oss å forstå at alt som har med kvinnehelse å gjere i områda der vi er litt blyferdige er litt ømtålig, seier ho.

Spent helsesøster

No er helsesøster Marit Høy Knudsen spent på om samtalar med foreldre til skulejentene vil forhindre nye kjønnslemlestelsar.

– Dei har ein heilt andre familiekonstellasjonar enn vi har. Mange av dei opplever eit veldig press frå familiar som bur i andre land. Det er familiar som passar på at det skjer med jentene. Det er ikkje berre foreldra, sjølv om dei bur i Norge, seier Høy Knudsen.