Hopp til innhold

Held fram i risikoanalyse

Fagforbundet har langt på veg dei same kritiske innvendingane mot Helseplattforma som legeforeiningane, men vil likevel halde fram prosessen med å analysere eventuelle risikoar ved systemet.

Det seier føretakstillitsvalt Tore Schytte.

Legeforeiningane har trekt seg frå analysearbeidet, fordi dei skal ha blitt skulda for å vere aksjonsprega respektlause, subjektive og alt for kritiske.

Fagforbundet vil medverke i prosessar og analysar for å ta i vare interessene til medlemmane, andre tilsette og dei som bur i fylket, seier Schytte.

Tore Schytte, ansattrepresentant i styret, Helse Møre og Romsdal.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK