Hopp til innhold

Sjukepleiarforbundet held fram analysearbeidet

Sjukepleiarforbundet kjem til å stille på Helseplattform-møta som dei er innkalla til i morgon.

Det seier føretakstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund, Annette Lekve, til NRK.

Dermed følgjer ikkje sjukepleiarforbundet legeforeiningane, som i går varsla at dei trekkjer seg frå arbeidet med å vurdere pasienttryggleiken ved ei eventuell innføring av Helseplattforma ved sjukehusa i fylket.

Lekve seier at det er viktig med så brei forankring som mogleg i risikoanalysen, og at ho vonar at innspel frå legane i føretaket blir tekne med i arbeidet også sjølv om legerepresentantane blir borte frå møta.

Lekve representerer også dei tilsette i styret i Helse Møre og Romsdal. Ho seier situasjonen kring vedtaket om ei eventuell innføring av Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal er vanskeleg.

Annette Lekve
Foto: Terje Reite / NRK