Hopp til innhold

Skeptisk til ekteskap mellom Volda og Ørsta

Måndag var det duka for møte mellom politikarane og kommuneleiinga i Volda og Ørsta for å legge det vidare løpet i arbeidet med ei eventuell kommunesamanslåing. På gata i dei to bygdene var meiningane mange om samanslåing.

Andrine Egset (16) og Vilde Driveklepp (16)

Elevane Andrine Egset (16) og Vilde Driveklepp (16) frå Volda trur det kan vere fordelar og ulempar ved ei kommunesamanslåing.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Trass i at det berre er 10 minutt å køyre mellom kommunesentera i Ørsta og Volda er det likevel stor avstand og forskjellar mellom dei to kommunane, som historisk sett har hatt eit rivaliserande forhold.

Fordelar og ulemper

Ved den vidaregåande skulen i Volda studerer elevar både frå Volda og Ørsta. Elevane Andrine Egset (16) og Vilde Driveklepp (16) er begge frå Volda, men var ikkje heilt samde når det gjaldt temaet kommunesamanslåing.

– Eg er ganske nøytral. Det kjem veldig an på kva fordelar ein får av å slå seg saman med Ørsta. Dersom det for eksempel fører til eit betre tilbod eller ei styrking av sjukehuset, så er eg for, seier Driveklepp.

Dei to jentene trur det kan vere både fordelar å ulemper ved ei kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda, men Egset er likevel mot ei slik samanslåing.

– Det kan føre til betre økonomi, men eg trur kommunen blir for stor, og eg fryktar det kan bli ei ujamn fordeling mellom Volda og Ørsta. I tillegg trur eg voldingar og ørstingar er for ulike og har for ulike meiningar til å kunne samarbeide godt, seier ho.

Men ein ting er dei to jentene samde om. Ei kommunesamanslåing med fleire kommunar er ikkje aktuelt.

– Nei, ei storkommune med blant anna Nordfjordeid har eg ikkje trua på, seier Driveklepp.

– Det gjeld framtida vår

Dei to skulle gjerne ønskje at meiningane til dei yngre innbyggarane i kommunane hadde meir å seie i debatten rundt kommunereform.

– Det er vi som må leve med resultatet av kommunereforma, men vi er ikkje gamle nok til å stemme, så det vi meiner betyr ikkje noko, seier Egset.

– Det er klart det er store forskjellar, og det finst også mange som ikkje bryr seg eller veit så mykje om kommunereforma, men eg synest vi burde få vere med å bestemme litt når det er gjeld framtida vår, seier Driveklepp.

Har ikkje trua på ei samanslåing

Rundt eit kafebord ved AMFI i Ørsta sitt ei gruppe menn med kvar sin kaffikopp. Praten går lett og meiningane er mange om så mangt. Også om temaet kommunesamanslåing er det sterke meiningar.

– Nei, det har eg ikkje trua på. Eg trur Ørsta greier seg svært godt utan Volda, seier Geir Nybø.

Dei andre rundt borde nikkar og er samde.

– Eg skjøner ikkje heilt korleis dei skal greie å samarbeide og slå saman alt som må slåast saman. I tillegg er det mange spørsmål som: kvar rådhuset skal stå, kvar administrasjonen skal ligge osv., seier Odd Øye.

– Ja, i tillegg har Ørsta store verdiar i Tussa-aksjane. Kva skjer med dei om Ørsta og Volda slår seg i hop, spør Nybø.

Nybø, Øye og Finnes

Geir Nybø, Odd Øye og Trygve Finnes har ikkje trua på ei kommunesamanslåing mellom Volda og Ørsta.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Sjukehuset er viktig

Ei kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda er uinteressant, men det er likevel ein ting mennene rundt bordet er samde om. Blir det samanslåing, så må ein tenke større.

– Eg har ikkje trua på ei samanslåing berre med Volda, då meiner eg det blir viktigare å sjå over fylkesgrensa og mot Nordfjord, seier Nybø.

– Ja, og heile den regionen. Det viktigaste av alt er at vi får behalde sjukehuset i Volda, og eit samarbeid med denne regionen kan kanskje sikre det, seier Øye.

For Volda har ein viktig fordel som kan vere med på å freiste til eit samarbeid, nemleg sjukehuset.

– Å sikre sjukehuset er svært viktig. Difor kan eit samarbeid mellom Ørsta, Volda, Grodås, Stryn og Nordfjordeid vere den rette vegen å gå, meiner Trygve Finnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL