– Vi skal produsere meir fornybar energi og auke delen av vind. Då er dette sentral kunnskap for å kunne plassere framtidige vindparkar optimalt, seier Espen Lie Dahl.
Han er forskar ved Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) og var på Smøla saman med medforskar Torgeir Nygård tysdag.
Heilt ny informasjon om havørna si åtferd har no blitt avslørt ved hjelp av GPS-teknologi. Merking av unge havørner skal bidra til å motverke fugledød i vindparkar.
- Les også:
– Livskraftig havørnbestand
Vindparken på Smøla var kjerneområdet for Noreg sin tettaste bestand av havørn.
– Vi har ein livskraftig havørnbestand i Noreg og her på Smøla. Bestanden her på Smøla har vore relativt stabil medan vi har heldt på, men akkurat i parken og i nærområdet rundt parken, så har bestanden gått dramatisk ned.
Det seier NINA-forskar Torgeir Nygård.
– Det fungerer kanskje som eit sluk, at overskotet blir drenert rundt i parken. Det er underproduksjon her, men kanskje overproduksjon utanfor, fortel Nygård.
Dei merkar ørneungar med sendarar. Om éi veke er den flygedyktig.
Stor ferd langs kysten
Den første vinteren er ørneungane på Smøla, i skjergarden og litt rundt området der dei blei klekka.
– Men første sommaren dreg veldig mange, kanskje halvparten, nordover til Lofoten og kanskje heilt til Finnmark, opplyser Nygård.
– Dei kjem tilbake om hausten. Dette visste vi ikkje på førehand, at det vår ein sånn storstilt bevegelse langs kysten vår på dei unge havørnene, seier han vidare.
I to år skal ørna bidra med GPS-signal frå ferda si. Det kan innebere fleire turar innom forskjellige vindkraftverk i åra som kjem.
- Les også: