Det er Statnett og Norsk institutt for Naturforsking (NINA) som har sett inn nye tiltak. Mellom anna har fleire av vindturbinane fått ein aldri så liten målarjobb, i håp om at det skal bli lettare for ørna å sjå dei.
–Fire av turbinane har fått svartmåla basar for at kontrasten til omgjevnadene skal bli større. Statkraft har òg måla ein rotorvenge på fire av dei andre turbinane, for at dei skal bli meir synlege, seier Torgeir Nygård, seniorforskar ved NINA.
– Vi er her ute for å sjå om det har verka. Vi leiter etter død fugl rundt turbinar både med og utan kontrastmåling.
Vil prøve UV-lys
Nygård meiner det er for tidleg å seie noko om effekten av prosjektet, fordi det tar fleire år å samle materiale.
– Til no trur vi at 59 ørner har døydd i vindparken sidan han starta opp. Det er eit ganske høgt tal.
Les og:
Prosjektet skal pågå i minst tre år. I tillegg skal det settast i gong rypeforsking i området, samt at forskarane skal sjå på korleis havørna reagerer på lys.
– Blant anna har vi sett opp UV-lys for å sjå om fuglane unngår sterkt lys, og vi har ein ny radar for å følgje rørslene rundt dette lyset. Seinare skal vi også sjå på effekten av laserlys.
Lærdom for framtida
Fleire stader i Norge er det planar om å bygge vindmølleparkar. Forskar ved NINA, Espen Lie Dahl, studerer konflikten mellom vindkraft og fuglar. Funna viser tydeleg at noko bør endrast om færre havørnar skal omkomme i rotorvingane til ein vindturbin.
– Det er cirka 50 par med havørn som hekker på Smøla. I sjølve området der vindparken vart etablert, var det før ti til tolv par. No er det berre fire igjen, mens bestanden på utsida av parken held seg stort sett stabil.
Om det var ein dårleg idé å bygge vindpark på Smøla, vil Lie Dahl ikkje meine noko om.
– Men våre funn tydar på at det fører til at fleire havørn døyr og dei får færre ungar i akkurat dette området. Så vår konklusjon er at om det er viktig å styre unna dei viktigaste hekkeområda for å avgrense talet på døde fuglar.
Nygård seier andre utbyggarar har mykje å lære av arbeidet som er gjort på Smøla.
– Det vi lærer her kan vere med å legge føringar for korleis andre slike anlegg blir bygd. Fornybar kraft er bra, men ikkje når det går ut over naturen.