Hopp til innhold

Sjukepleiar vil ha meir lønn- ikkje berre applaus

Det er ikkje nok med berre klapping for helsevesenet, meiner sjukepleiar Elise Fiske. Ho meiner helsepersonell bør få risikotillegg og høgare løn i den ekstreme situasjonen dei står i.

Elise Fiske

Elise Fiske er nyutdanna sjukepleiar frå NTNU i Ålesund, der biletet er tatt. Ho er klar for mykje jobb i tida som kjem, men meiner lønsvilkåra bør bli betre.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er hektiske dagar for sjukepleiar Elise Fiske i Ålesund. Ho er nyutdanna og læringskurva i Ålesund kommune har vore bratt den siste tida med koronaviruset.

– Folk går på jobb med energi og er klare for å ta i eit tak. Men vi i helsevesenet føler at vi ikkje får den kompensasjonen vi burde få for den jobben vi no skal gjere, seier Fiske.

Fleire land har den siste tida hatt felles applaus for helsearbeidarar. I Italia og Portugal har folk stilt seg på balkongar og opna vindauga for å klappe. Også i Noreg har tusenvis klappa for Helse-Noreg.

Torsdag skreiv Fiske eit innlegg på Facebook om at det er fint at folk applauderer, men at helsepersonell må få løn som står i samsvar med jobben dei gjer.

Pålagt overtid

Ein ny avtale mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane gjer at helsepersonell kan bli pålagt overtid. På fleire arbeidsplassar har dei fått beskjed om at dei truleg ikkje får ta ut sommarferie. Det kan bli naudsynt med 16-timars dagar og helsepersonell kan også bli pålagt å jobbe på andre avdelingar enn der dei jobbar til vanleg.

– Eg meiner vi bør ha risikotillegg for smitten vi utset oss for og betre overtidstillegg, seier Fiske. Smusstillegg for handtering av smitteutstyr, høyrer også heime, meiner ho.

Skal ikkje vere dugnad

Monica Lilja Håland

Monica Lilja Håland er tidlegare operasjonssjukepleiar. No jobbar ho som lærar og reagerer på applausen til helsepersonell. Ho meiner at ein i staden bør fokusere på betre løn.

Foto: privat

Også tidlegare operasjonssjukepleiar Monica Lilja Håland i Notodden har gått ut i sosiale medium og bedt folk slutte å klappe.

«Nå skal ikke jeg virke grinete eller kjip og jeg banner sikkert i kirka, men nå må det rett og slett bli slutt på den klappinga eller?, skriv ho på Facebook.

Ho meiner helsepersonell må få løn for strevet og at dette ikkje skal vere ein dugnad. Sjølv har ho jobba som lærar det siste halvåret, og er budd på at ho må ut i pleie igjen. Ho seier solidariteten står sterkt i hjartet hennar, men at løn er viktig.

– Sjukepleiarar har ikkje smusstillegg slik som reinhaldarane har og dei blir utsett for smittsam sjukdom. Dei har også familie og kronisk sjuke heime, seier Håland.

Ho har fått mange meldingar frå helsearbeidarar som er samde med innlegget hennar.


Ekstraordinær situasjon

Lill Sverresdatter Larsen
Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI / SUNNIVA TONSBERG GASKI

Norsk sjukepleiarforbund seier at det har ikkje vore eit tema så langt å forhandle fram avtalar som sikrar kompensasjon for lange vakter og utsett ferie. Dei veit at mange medlemmar ynskjer at dei skal jobbe for å få det på plass.

– Vårt fokus har vore å få på plass rammer som sikrar kapasitet i ei historisk krevjande tid, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i eit videointervju i tidsskriftet Sykepleien.

Ho meiner det er viktig å sjå det i eit større perspektiv når ein ser alle permitteringane og folk som går på dagpengar.

Larsen seier at ein no er i ein ekstraordinær situasjon og at kompensasjon er på sin plass, men ikkje no.

Til informasjon var Elise Fiske lokalpolitikar for Høgre tidlegare og er no vara til Fylkestinget. I denne saka uttalar ho seg utelukkande som sjukepleiar.