Det var mange ved beddingen som var spent då ekspedisjonsskipet skulle sjøsettast ved Kleven i dag. For Hurtigruten er sjøsettinga ei viktig markering.
– Dette er ein spesiell dag for oss. Det finst ikkje liknande skip og difor er vi stolte over å presentere konturane av eit fantastisk skip, seier Tor Geir Engebretsen. Han er konserndirektør for maritime operasjonar i Hurtigruten.
Ved hjelp av moderne teknologi kan skipet kople over til eldrift når dei nærmar seg sårbare farvatn. Skipet har ein kombinasjon av dieselelektriske motorar og batterisystem som gjer at skipet kan køyrast på batteri og dermed gå heilt stille. På den måten skal passasjerane få ei heilt anna oppleving. Dieselforbruket er 20 prosent lågare enn hos vanlege skip i same storleik.
Skal oppleve Antarktis
Ekspedisjonsskipet skal ikkje inn i den ordinære trafikken mellom Bergen og Kirkenes, som dei 11 andre Hurtigruteskipa. MS Roald Amundsen skal ut på opplevingsekspedisjonar til Antarktis, Svalbard, Alaska, og langs norskekysten. Skipet har plass til 530 passasjerar og alle lugarane er utvendige. Det vert bygd store observasjonsdekk med basseng.
MS Roald Amundsen er det første av skipa som Hurtigruten no byggjer ved Kleven verft. Bygginga av skip nummer to, MS Fridtjof Nansen, er så vidt i gang. Hurtigruten har også skrive opsjonsavtale med verftet om mogleg bygging av ytterlegare to skip.
– Dette ligg litt fram i tid, men det er aktuelt for oss å diskutere nye satsingar utover dei to skipa, seier Engebregtsen. Det avanserte skipet skal stå ferdig i løpet av 2018.
- Les også:
- Les også:
Håper på fleire kontraktar
Kleven har tidlegare bygd tre Hurtigruteskip på 90-og 2000-talet. I mange år satsa dei på offshoremarknaden, men der har det vore tøffe tider. No håper verftet å få kontrakt på endå fleire ekspedisjonsskip frå Hurtigruten.
– Det er viktig å få nye bein å stå på. Dette er det beinet vi satsar på framover, seier Ole Kristensen, prosjektdirektør ved Kleven.
Verftet har hatt store økonomiske utfordringar og i fjor gjekk eit nytt investorselskap inn med 300 millionar i ny kapital for å unngå konkurs. Selskapet består blant anna av Petter Stordalen og Hurtigruten. Kristensen håper at sidan Hurtigruten og Kleven er samansveist på eigarsida, kan det bety fleire oppdrag.
– Det er ein fri marknad, så vi må konkurrere på lik line med andre. Det er spanande. Å få på plass desse avtalane er viktig for både Kleven og lokalsamfunnet, seier Kristensen.