Hopp til innhold

Nett.no: Tidlegare Kleven-eigar er frifunnen i søksmål

Den kroatiske eigaren som kjøpte Kleven verft er frifunnen i søksmålet. Konkursbuet kravde opptil 136 millionar kroner.

Tomislav Debeljak er eier og administrerende direktør i DIV Group som har kjøpt Kleven i Ulsteinvik

Den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak tok over verftet Kleven på Sunnmøre i 2020.

Foto: Tom Dubravec / CROPIX

Den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak og DIV Group tok over verftet Kleven på Sunnmøre i 2020. Det gjekk berre tre månader og så blei verftet slått konkurs og 441 tilsette blei permitterte.

Konkursbuet til Kleven verft saksøkte den kroatiske eigaren og deira forsikringsselskap for opptil 136 millionar kroner. Buet meinte at eigaren svartmåla økonomien og gav uriktige opplysningar, slik at bankane trakk all finansiering.

No er Debeljak frifunne i Hordaland tingrett, skriv nettstaden nett.no

Skulda for å innføre «eigeherredøme»

I tingretten i november kom det spektakulære påstandar mot eigaren om at han skal ha trua den økonomiansvarlege til å overføre alle pengane Kleven verft har til ein konto i Kroatia då konkursen nærma seg. Desse skuldingane avviste han i retten.

– At eg blei skulda for å stele noko (kontantkassa) sjokkerte meg, eg som har ni barn og er ein seriøs forretningsmann, sa han.

Advokatane til Kleven hevda også at han innførte eit «eineherredøme» i selskapet og han skal ha ignorert bekymringar og varslar frå banken.

Les også Kjøpte 80 år gamalt verft og slo det konkurs: – Innførte eine­herredøme og reiv ned all tillit

DIV Group er av at de største industriselskapa i Kroatia og er eigd av Tomislav Debeljak som også er administrerende direktør.

Advokatane til Debeljak gav derimot bankane skulda for konkursen i Kleven verft.

– Eg har aldri opplevd noko liknande oppførsel frå bankar som eg har opplevd her, sa Debeljak.

Han meinte seg både misforstått og motarbeida av nøkkelpersonar og bankane til Kleven verft. Det blei også hevda at nokre skulle ha dobbeltroller som motarbeida den nye kroatiske eigaren.

– Dyktige og erfarne folk

Retten skriv at slik dei ser det var det verken kritikkverdig eller oppsiktsvekkande at det blei innført strenge rutinar for å få kontroll med økonomien.

Retten kan heller ikkje sjå at det er haldepunkt for at Debeljak sjølv skal ha tatt nokon slik eigenregi i styringa av selskapet slik saksøkaren hevda. Dei meiner tvert imot at det nye styret i Kleven verft og leiinga i DIV Group bestod av dyktige og erfarne personar med betydeleg kompetanse innanfor sine område.

Konkursbuet frå Kleven verft blei dømt til å betale saksomkostnader til Debeljak på 5,3 millionar og Tryg forsikring på 4,1 millionar kroner.

Letta over dommen

Advokat Mari E. Wetlesen seier at dei no har gått gjennom dommen i detalj, og Tomislav Debeljak er naturleg nok både glad og letta over dommen.

– Det har vore særs krevjande og tøft å ha eit personleg erstatningskrav av denne storleiken hengande over seg over dei siste par åra. Samtidig har vi heile tida vore trygge på dei juridiske aspekta av saka. Det finst klare rettslege rammer for styremedlemmer sitt erstatningsansvar, noko også dommen viser, seier Wetlesen.

Advokat for Kleven sitt konkursbu, Jan Vablum, seier at han er skuffa over resultatet. Han har ikkje fått lest retten sine premissar, men når det er gjort skal han diskutere med kreditorutvalet om dei vil anke saka eller ikkje.

Dommen blei forkynt for partane torsdag.