Hopp til innhold

Sjå postkorta og dikta NRK har fått

Sommaren er ei tid som eignar seg for postkort, og NRK Møre og Romsdal har fått fine postkort med dikt og historier frå lyttarane. Dei flotte postkorta kan du sjå, lese og høyre her.

Postkort sendt til NRK Møre og Romsdal

POSTKORT: NRK Møre og Romsdal har fått inn mange fine postkort frå lyttarane. Dette var det Liv Grethe Oftedal i Isfjorden som sende inn.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Postkort frå Berit Lingås Hallan

POSTKORT: Berit Lingås Hallan frå Trondheim sende eit postkort ho har fargelagt sjølv. Ho bur i Trondheim, og høyrer gjerne på NRK Møre og Romsdal når ho er på tur til Ålesund.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Då NRK Møre og Romsdal sende førespurnad til lyttarane sine om å få postkort var det nokre som lét seg inspirere av måten Ole Haugan skriv postkort på, og sende inn bidrag.

Ei av desse var Berit Lingås Hallan, og ho hadde fargelagt kortet sjølv.

LES OGSÅ: Ole skriv historier på postkorta

Dikt om badeliv

Ei anna som lét seg inspirere er Eli Hildegun Raknes i Molde. Ho sende inn ein teksten om badeliv på e-post, og det vart framført på radioen.

LES TEKSTEN:

HØYR TEKSTEN:

Ein god morgon

Liv Grethe Oftedal i Isfjorden sende også inn postkort, og då fyrte dei også opp med «fyr i peisen» i studio.

HØYR TEKSTEN:

Postkortet Liv Grethe Oftedal sendte inn handlar om ein fin morgon.

FIN MORGON: Liv Grethe Oftedal skriv om ein fin morgon på sitt postkort. Yngve Hustad Reite les teksten.

Ein klem?

Arnljot Grimstad sende inn eit stort sjølvlaga postkort med ein lang tekst til NRK, og den kunne ein også høyre på radioen.

HØYR TEKSTEN:

Postkort frå Arnljot Grimstad, sendt til NRK Møre og Romsdal.

VEVKJERRINGA: Arnljot Grimstad skreiv ein lang tekst og laga sitt eige postkort med eit bilete han har tatt av vevkjerringa som sender ungane sine ut i verda. Høyr Leiv-Erik Bondevik lese teksten.

Ole Haugan og Gurid Bonsaksen sende også inn dikt frå hytta si på Giske, og desse vart lese opp i den same sendinga.

HØYR TEKSTEN TIL OLE:

Postkort med teksten Sommar på Sunnmøre av Ole Haugan.

SOMMAR: Ole Haugan skreiv ein tekst inspirert av sommaren på Sunnmøre. Maria Kristina Vevang les teksten.

HØYR DIKTET TIL GURID:

Postkortet med diktet Ålesund anno 2015 av Gurid Bonsaksen.

SJØLVLAGA: Gurid Bonsaksen har sjølv laga postkortet ho sende inn. Diktet hennar heiter Ålesund anno 2015. Maria Kristina Vevang les teksten.

Rapport frå Kristiansund

Turid Rød frå Kristiansund sende inn to postkort, og dei fekk ein liten filmavisa-vri då dei vart lesne opp.

HØYR FRAMFØRINGA:

 : Filmavisenpostkort - Turid Rød

Filmavisa: Då korta til Turid Rød frå Kristiansund vart lesne, så fekk dei eit filmavisa-preg over seg. Yngve Hustad Reite les postkorta.

LES OGSÅ: Vi sender færre postkort

LES OGSÅ: Dagens barn drøymer om brev i postkassa

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL