Hopp til innhold

Færre sender julehelsingar, men Gine skriv 80 brev for hand

– Ja, eg veit eg er gammaldags. Men dette er nokre av dei finaste stundene i livet mitt.

Gine Gaustad Anderssen

KONSENTRERT: Gine Gaustad Anderssen finn roa i førjulsdagane med å skrive julebrev.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er ikkje kvar dag vi går inn i ei skrivarstove. Men her får vi innpass i noko av det aller viktigaste i livet til Gine Gaustad Anderssen.

Det å skrive og sende julehelsingar er ein gammal tradisjon i mange land. I Noreg har vi sendt julekort og julebrev i meir enn 120 år. Men færre og færre set seg ned og gjer denne jobben.

Gaustad Anderssen (43) har kokt seg ein stor og varm kopp med te. Ettertenksamt har ho gått inn i stova og fundert på kva ho skal skrive om.

Gine Gaustad Anderssen

HØGTIDSSTUND: – Å skrive julebrev er noko av det beste eg gjer i livet, seier Gine Gaustad Anderssen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Markant nedgang

Tal frå Posten viser at det i 2017 vart sendt 10 millionar julekort her i landet. I år trur dei det blir sendt under ein tredel av dette.

– Nedgangen har vore på om lag 20 prosent år for år dei siste åra, fortel Kenneth Pettersen, pressesjef i Posten.

Julekort

Skriv åtti brev til vener og kjente

Julebrevskrivaren i Tennfjord på Sunnmøre har ei liste med 80 namn og adresser, der ho kryssar av etter kvart som julebreva blir ferdige. Med sirleg handskrift skriv ho om det som har skjedd det siste året i familien. Ho har mann og tre barn.

– Eg føler at det absolutt er gammaldags å skrive slike julebrev. Mor mi og bestemor mi gjorde det same. Men eg meiner det er viktig å hugse på kvarandre. Samtidig er dette kvalitetstid for meg.

Når så mange helsingar blir sende frå Tennfjord til fjern og nær, får ho også ein del brev og kort sjølv. Men ho ser at mange nøyer seg med ein julestatus på Facebook.

– Dette må folk sjølvsagt få gjere som dei vil med. Eg er berre glad for dei fine stundene eg får med penn og papir.

Helsingane har blitt digitale

Ved postterminalen er det tilløp til kaos denne morgonen. Mange pakkar skal ut til folket. Men julekort ser vi nesten ingen av.

– Folk sender nok helsingar på ein annan måte. Det blir meir og meir digitalt, seier distribusjonsleiar Karen Gissinger.

Bendik Kvalvik

FÅ JULEKORT: Postbilen er full av reklamemateriell og pakkar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I den raude bilen til postbod Bendik Kvalvik er det reklameavisene og pakkane som dominerer.

– Då eg byrja i 2011 var det haugevis av julekort å sortere i førjulstida. Det er mykje mindre av det i dag.

Har dårleg samvit

Ved sportsbutikken på Digerneset må Cato Slinning vedgå at han ikkje skriv julehelsingar.

Cato Slinning

TRAVELT: Cato Slinning likar tradisjonen med julehelsingar, men har ikkje tid til å skrive sjølv.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg har litt dårleg samvit for det. Eg må skulde på travle dagar, med full rulle i butikken fram til julaftan. Men eg set stor pris på å få slike helsingar frå folk eg kjenner.

Inne i den varme skrivarstova til Gine Gaustad Anderssen går tankane fritt. Pennen glir lett over ark etter ark. Ho legg ved nokre familiebilde ho sjølv har tatt. Så slikkar ho på konvolutten og skriv på adressa.

– Dette betyr veldig mykje for meg. Eg held på i time etter time – i ei travel tid. Men eg elskar desse stundene når eg kan tenke over livet og skrive til folk som verkeleg betyr noko for meg.

Julebrev

IKKJE DIGITALT: Nokre sender ut masseproduserte brev eller meldingar på sosiale medium. Gine Gaustad Andreassen vil gjere det på same måten som mora og bestemora.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK