NRK Meny
Normal

Du kan skrive postkort til NRK

Å skrive korte historier kan vera moro, og dersom ein berre har eit postkort å utfalde seg på så kan det vera utfordrande. No ynskjer NRK Møre og Romsdal historier frå deg.

Norges eldste postkort

POSTKORT: Dersom eit postkort med eigedikta historie, dikt eller novelle blir sendt inn til NRK Møre og Romsdal, så kan denne bli lese opp på radio. På biletet er det eldste postkortet i Noreg.

Foto: privat

Skoler i Kristiansund

FINE MOTIV: Kanskje har du gamle og fine postkort liggande, og kanskje vil du bruke motiva i historia du sender inn til NRK Møre og Romsdal? Dette er postkortmotivet er frå Kristiansund.

Foto: FylkesFOTOarkivet

– Det hadde vore veldig kjekt å kunne dele dette med alle lyttarane, seier programleiar Bibbi Kjølås.

Ho oppfordrar alle om å prøve å skrive eit kreativt postkort, og sende det inn.

– Det skal ikkje så mykje til for at det blir bra. Det kan vera små historier, dikt, eller forteljingar. Det viktigaste er at dei er sjølvdikta, seier Kjølås.

Blir lese på radio

Molde postkort

POETISK: Eit gamalt postkort kan brukast til å sende NRK poesi eller forteljingar. Dette postkortmotivet er frå Molde.

Foto: Utgitt av A.S. Hagen Molde

Det er også mogeleg å sende inn tekstar på Instagram, som bilete med bilettekst, og då må bileta merkast med #nrkmogr.

Bidraga som blir sendt inn kan bli lese på opp radio og kanskje blir dei publisert på NRK Møre og Romsdal sine nettsider. Kanskje blir det også laga ein liten vri på historia.

– Me skal, etter beste evne, prøve å formidle det postkortforfattarane skriv. Dei beste bileta blir jo skapt på radio, seier programleiar Kjølås.

– Dei finaste og beste postkorta kan også blir premiert, og kanskje hamnar dei på nettsidene til NRK Møre og Romsdal, seier ho.

Høyr tips frå Ole Haugan som skriv postkort-historier til barnebarna: