Hopp til innhold

Dagens barn drøymer om brev i postkassa

Linda Riise har køyrt postbil i 34 år. Ho treff stadig barn som er skuffa over at dei aldri får kort eller brev. Difor oppmodar ho vaksne om å sende feriekort til dei yngste.

Barn vil ha postkost

Olavius Bjåstad Vikebakk og Hilde Årsbog Bjåstad kunne gjerne tenkt seg å få brev eller postkort.

Foto: Remi Sagen / NRK

Postdama på Hareid kjenner kvar ein krik og krok i bygda. Sidan 1981 har ho levert post, men mykje har endra seg sidan ho starta i yrket.

– Dagens barn får frykteleg sjeldan brev. Det einaste kan vere ei innkalling frå tannlegen, seier Linda Riise.

Før var det vanleg å sende postkort frå ferieturar, men det ser postbodet stadig sjeldnare. No legg foreldre ut feriebileta på Facebook eller sende bileta via mobilen.

Gjekk inn avtale

Linda Riise

Linda Riise oppmodar vaksne om å sende brev eller postkort til barna i sommar.

Foto: Remi Sagen / NRK

For nokre dagar sidan trefte postbodet Olavius Bjåstad Vikebakk og Hilde Årsbog Bjåstad på ruta si. Dei var tydeleg skuffa over at Riise heller ikkje denne dagen hadde brev til dei.

– Eg får brev frå optikaren og tannlegen, men aldri frå vener, seier Olavius. Han kunne godt ha tenkt seg ei helsing i posten frå kompisane som skal på sommarferie.

Og akkurat denne sommaren er han og venninna Hilde faktisk sikra postkort. Dei gjekk nemleg inn ein avtale med postdama om at dei tre skal sende feriekort til kvarandre.

– Eg skal skrive litt om kva eg har gjort på i sommar, seier Olavius, som gler seg til å sjekke postkassa på seinsommaren.

Personleg og nært

– Å få ei sending i posten med namnet sitt på som barna fysisk kan halde i, trur eg er spesielt. Det er personleg og nært, seier Riise.

Nesten dagleg passerer ho barnehagar, der ungane spør om ho har post til dei.

No oppmodar ho foreldre, besteforeldre, tanter og onklar om å ta seg tid til å sende brev eller kort til dei yngste i sommar.

Brevmengda er halvert

John Eckhoff er pressesjef i Posten. Han seier at mengda adresserte brev er halvert sidan toppåret 1999, på grunn av digitalisering. Utviklinga kjem ikkje til å stoppe og Posten ruster seg til ytterlegare nedgang. I dag vert det sendt 1 milliard adresserte sendingar.

– Folk synest det er hyggeleg å få adresserte brev og dei seier at det er stas at folk gjer seg flid med å sende brev eller kort, seier Eckhoff.

Sjølv om nordmenn sender færre brev, står tradisjonen med julekort og feriekort framleis sterkt.

Han synest oppmodinga til postdame Linda Riise er artig.

– Det seier eg ikkje fordi Posten skal selje fleire frimerke. Post spreier glede og det opplever eg sjølv også, seier Eckhoff.

Postbud Linda Riise oppmodar foreldre og besteforeldre om å sende postkort til barn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL