Hopp til innhold

Ole skriv historier på postkorta

Ole Haugan vart biten av basillen ein gong på 80-talet, og når han skriv postkort til barnebarna så er det med ein kreativ vri.

Ole Haugan med barnebarna

POSTKORTPOET: Ole Haugan nyttar utanlandsturane sine til å sende spesielle postkort til barnebarna. Små historier blir skrive i føljetongar, og sju barnebarn får fire til fem postkort frå kvar av dei månadslange turane han og kona tar. Barnebarna (f.v.) Endre Haugan Tøkje (13), Anders Haugan Tøkje (9), og Eilif Haugan Tøkje (11) likar godt å få kort.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eg er kanskje den einaste som driv med denne sjangeren, om me skal kalle det for det, seier Ole Haugan.

– Eg byrja å skrive postkort, og det gjer eg kanskje på ein litt uvanleg måte. Eg skriv små historier i føljetongar til sju av barnebarna, seier han.

LES OGSÅ: Du kan skrive postkort til NRK

Samlar på kort

Ole Haugan og Gurid Bonsaksen

POSTKORTNOVELLER: Ole Haugan skriv noveller, små historier eller dikt på postkort og sender dei til barnebarna sine. Kona Gurid Bonsaksen blir fort ein karakter i historiene.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Når pensjonisten, forfattaren, og den tidlegare lektoren ikkje er på hytta si på Giske brukar han gjerne å gå på månadslange turar rundt i verda med kona Gurid Bonsaksen.

Etter å ha gått to og ei halv mil dagleg, finn han inspirasjon og tid til å skrive. Då er det postkortnoveller det går i, eller små forteljingar som han får plass til bakpå korta.

Postkort frå Ole Haugan

ANNA VRI: Teikningar på framsida og dikt på baksida. Ole Haugan har ein eigen vri når han sender postkort til barnebarna. Idéen kom frå då han fekk høyre om postkortnoveller på 1980-talet.

Foto: Privat

– Kona parkerer meg på ein fortausrestaurant medan ho utforskar kulturen der me er. Då synest eg det passar bra å finne fram notisboka mi, og så går det rett ned på postkortet, seier Haugan.

Han tar med seg postkort han har skaffa andre stader, eller så kjøper han fine kort han kjem over. Observasjonar frå turane, og motivet på framsida blir gjerne brukt som inspirasjon.

– Det er lov å kladde, det er nødvendig. Viss du ikkje gjer det, så tar du ikkje skriveriet på alvor, seier han.

LES OGSÅ: Vi sender færre postkort

Byrja med Nattradioen

Postkort frå Ole Haugan

FINE MOTIV: Ole Haugan samlar på kort, og ofte er teksten på korta inspirert av framsida.

Foto: Privat

Ein konkurranse på Nattradioen var det som gjorde at Ole Haugan kom borti sjangeren postkortnovelle. Lyttarane blei bedt om å skrive inn korte historier.

Postkort frå Ole Haugan

TILPASSA: Alle korta Ole Haugan sender til barnebarna har tekstar og bilete som passar til framsida på kortet.

Foto: Privat

– Det skulle aldri vera lenger enn det du fekk plass til bakpå eit postkort. Eg kasta meg uti dette, og svarte. Eg synest det var veldig artig, og veldig utfordrande, seier Haugan.

Sjangeren var ikkje ny då NRK sette i gong konkurransen.

– Eg las tilfeldigvis ein gong at dette med postkortnoveller visstnok er ein sjanger som kjem frå Italia, og det var ein populær sjanger då NRK plukka det opp, seier Haugan.

HØYR SAKA:

HØYR SAKA: Ole Haugan skriv postkort med historier, noveller og dikt til barnebarna.

Godt mottatt

Endre Haugan Tøkje (13), Anders Haugan Tøkje (9), og Elif Haugan Tøkje (11)

NØGDE: Barnebarna til Ole Haugan er nøgde med å få postkorthistorier frå bestefaren. Frå venstre: Endre Haugan Tøkje (13), Anders Haugan Tøkje (9), og Eilif Haugan Tøkje (11).

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Han skriv kanskje fire postkort til kvart barnebarn, på kvar tur, og dei blir godt tatt imot.

– Det er kjekt å få postkort der det ikkje berre står at dei har det kjekt, men at dei skriv historier, seier Endre Haugan Tøkje (13).

Postkort frå Ole Haugan

FRÅ HYTTA: Også frå hytta har barnebarna fått postkort frå bestefaren.

Foto: Privat

At bestefaren teiknar på postkorta er ekstra kjekt for dei litt yngre.

Postkort frå Ole Haugan

INSPIRASJON: Det Ole Haugan gjer og finn på når han er på hytta kan også gi inspirasjon til postkort med ein ny vri.

Foto: Privat

– Ein gong teikna dei fjes på fjell, og ein gong handla det om at «besten» hadde sprettert og redda «besto», seier Anders Haugan Tøkje (9).

– Det er morosamt, for du veit aldri kva som kjem. Plutseleg kan du få bilete av ein ape, og så står det at det har komme ein ny type ape, seier Eilif Haugan Tøkje (11).

«Besto» Gurid Bonsaksen set pris på postkorta mannen hennar skriv, og å vera ein karakter i historiene finn ho seg i.

– Eg sensurerer aldri. Han sender det han vil, og det er gode forteljingar, så dei må eg berre gå god for. «Besto» i trøbbel er heilt greitt, seier ho og smiler.

LES OGSÅ: Dagens barn drøymer om brev i postkassa

LES OGSÅ: Dyreart i postkassa

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL