Hopp til innhold

I dag er siste frist å sende julegåver

Måndag er siste frist for å sende julegåvene i posten om du vil vere sikker på at dei kjem fram til jul.

Geir Gjelsten

Her poserer Geir Gjelsten, dagleg leiar ved postkontoret i Ålesund, med ein gåvepakke utan verken adressat eller avsendar. Å skrive på adresse er nemleg også viktig for den som vil få fram julegåvene. Bildet er teke i september.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Det er nemleg berre for pakkar sende 16. desember at Posten tør garantere at vil kome fram før julekvelden. Hektisk aktivitet i desember gjer at postkontora treng ekstra god tid når det gjeld julegåver.

– Vi merkar trykket no, absolutt. Vi går nok inn i den aller mest hektiske tida no. Vi ber kundane om å vere ute i god tid nettopp fordi ein skal vere trygg på at pakkane skal ha kome fram, seier Geir Gjelsten som er dagleg leiar ved postkontoret i Ålesund.

– Er folk flinke til å overhalde fristen?

– Ja, eg synest vi har hatt ei fin auke. Dei siste åra har mange begynt å sende pakkar veldig tidleg i desember. Det merkar også kundane våre, at dei aller fleste sendingane kjem fram til julaftan, seier han.

Framleis håp

Dei fleste stader går posten klokka 17, men for dei som ikkje skulle nå fram til postkontoret innan dette klokkeslettet er det framleis håp seinare datoar.

– Det er det. Det er framleis mogleg, men kanskje ein må ta i bruk dyrare framsendingskategoriar som til dømes "ekspress over natt" om ein leverer inn seinare.

– Men vi kan ikkje garantere at det kjem fram til julaftan om pakkane kjem inn seinare enn 16. desember, avsluttar han.

Før helga sleit Posten i Møre og Romsdal med omfattande datatrøbbel etter ekstremvêret Ivar, men dette vart ordna i løpet av helga.