Hopp til innhold

Kjempetrøbbel for Posten

Ventetida er lang og heller ikkje alle får pakkane sine på ei rekke postkontor i Møre og Romsdal og i Førde.

Eit linjebrot gjer at Posten ikkje har datalinjer korkje inn eller ut, og postkontora har mellom anna problem med å få ut pakkar.

Geir Gjelset er dagleg leiar ved postkontoret i Ålesund. Han seier linjebrotet skjer på verst mogleg tidspunkt no rett før jul. Foto: Hans-Olav Landsverk

Eit linjebrot gjer at Posten ikkje har datalinjer korkje inn eller ut, og postkontora har mellom anna problem med å få ut pakkar.

– Det inneber at vi rett og slett ikkje få kontakt med alt som vi har på data, det vil seie registrerte pakkar vi skal levere ut til kundar og banktransaksjonar inn og ut. Stort sett det meste av det vi gjer, for alt går via data, fortel Geir Gjelsten som er dagleg leiar ved Ålesund postkontor.

– Alvorleg

Det er byane Molde, Kristiansund, Ålesund og Førde som er ramma av linjebrotet. Årsaka er straumbrot som følgje av uvêret som ramma Nordvestlandet torsdag ettermiddag og kveld.

– Dette er alvorleg for oss. Kundar kjem til oss og forventar å bli ekspedert. I desse tider er det også svært mange innom og det gjer det ekstra trassig, seier Gjelsten.

–Vi ikkje får levert ut pakkar på postkontor når kundane kjem og skal hente dei og like eins får dei ikkje heva pengar frå kontoen sin, dei får ikkje sett inn pengar eller betalt rekningar, legg han til.

Linjebrotet starta for nokre timar sidan, og det har teke lengre tid enn normalt å få systemet på plass igjen, fortel Gjelsten.

– Kor lenge forventar de at det vil vare?

– Det har eg også forsøkt å få svar på frå dei som jobbar med linjesystema, men dei tør ikkje gi meg noko prognose.

Kan ikkje hjelpe alle

Posten gjer no sitt beste for å hjelpe kundane sine, men ventetida er lang.

– Vi prøvar å hjelpe dei kundane som har ei god skildring av pakkane som dei ventar på. Då kan vi hjelpe dei, men elles er det lite vi kan gjere. Det er tusen pakkar å bla igjennom for kva som kjem for å hente. Då vert det lenge å vente for kundane våre dessverre, seier han oppgitt.

– Det let seg ikkje gjere på anna måte, men det er ein veldig lang og tungvint prosess, så det vert mykje ventetid av det, legg han til.

Det er heller ikkje alle posten kan hjelpe.

– Det er berre dei som stikk seg ut vi kan finne, men dei fleste pakkar har jo lik storleik, då vert det veldig vanskeleg å finne fram.

Orsakar for ulempene

– Kor lenge kan de klare å stå ein slik situasjon før det begynner å bli prekært?

– Vi bør ikkje stå lengre enn ein time eller to til etter mitt syn, seier Gjelsten.

Pressesjef i Posten Hilde Ebeltoft Skaugrud seier til NRK i 16.30-tida at ho håper alt vil vere tilbake som normalt på laurdag.

– Vi orsakar dei ulempene dette medfører for kundane våre. Vi har stor forståing for at dette skapar frustrasjonar i julestresset, og håper at ting er på plass igjen i morgon, seier ho.