Hopp til innhold

Forvirring rundt nye tollreglar: Fleire betaler dobbelt

Ivrig på netthandel frå utanlandske butikkar? Pass på dette for å unngå dobbel moms.

Pakker på Posten og Brings Logistikksenter på Alnabru i Oslo.

Det har komme nye reglar for moms og toll, men netthandelen frå utlandet har ikkje gått ned.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Eg har valt å ikkje bestille frå utanlandske nettbutikkar fordi eg ikkje har skjønt det, seier Line Andrea Lundin.

Frå 1. januar i år blei det innført meirverdiavgift og toll på alle varer frå utlandet. Tidlegare slapp ein å betale denne avgifta på varer under 350 kroner.

Endringane i regelverket har vore litt forvirrande, synest Lundin.

Ho hadde tenkt til å kjøpe noko for ei stund tilbake, men så blei ho usikker.

Line Andrea Lundin og Helena Lundin

Søstrene Line Andrea Lundin og Helena Lundin synest det har vore litt forvirrande med dei nye tollreglane.

Foto: Privat

– Eg tenkte at eg orkar ikkje noko styr. Viss det plutseleg blir noko ekstra som eg ikkje veit om, seier ho.

Men nye reglar har ikkje ført til at nordmenn handlar mindre frå utanlandske nettbutikkar.

  • Nordmenn handlar mykje i fysiske butikkar i Sverige. Det var rekordomsetning i fjor, trass i auka prisar.

Slik fungerer reglane

Vi ser jo at det er ein auke. Det er mykje tekstil og sjølvsagt mykje klede som kjem, seier avdelingsdirektør i Tolletaten Åge Skår.

Han forklarer at det er viktig å skilje mellom desse moms-reglane:

  • Handlar du frå ein utanlandsk nettbutikk som er registrert i det som blir kalla VOEC-registeret, betaler ein moms direkte til nettbutikken.
  • Handlar du frå nettbutikkar som ikkje er registrerte i dette systemet, betaler du moms og toll når vara kjem inn til Noreg.

Men nokon har opplevd å betale to gonger.

Avdelingsdirektør Åge Skår

Avdelingsdirektør Åge Skår i Tolletaten.

Foto: Tolletaten

Vi har ein del tilfelle der det er såkalla dobbel fortolling. Altså ein både har blitt belasta av momsen ved kjøp gjennom VOEC-ordninga, og så blir det kravd inn moms ved innførsel i tillegg, seier Skår.

– Det er jo uheldig, og det betyr litt ekstra arbeid for den som har bestilt vara. Tolletaten og Skatteetaten jobbar med å bidra til at sendingane blir merka betre av avsendar av pakken, seier Skår.

Har du opplevd dette må du ta kontakt med nettbutikken for å få refundert pengane, ifølge Skatteetaten. Du kan også sjekke kva nettbutikkar som har VOEC-ordning her.

Sveip her for nokre raske punkt om reglane:

NRK forklarer

Korleis fungerer dei nye tollreglane?

Korleis fungerer dei nye tollreglane?

Moms og toll

Hovudregelen er at ein betaler meirverdiavgift, betre kjent som moms, ved innførsel. Kor mykje moms du skal betale kjem an på kor mykje varet og frakta har kosta. Momsen blir berekna ut frå prisen.

På toppen av dette kjem ofte fortollingsgebyret. Ein betaler for at varet blir fortolla inn i Noreg.

Korleis fungerer dei nye tollreglane?

Kven betaler ein toll til? 

Fortollingsgebyret betaler ein til for eksempel Posten Bring, eller eit anna selskap som har handtert varet.

Korleis fungerer dei nye tollreglane?

Kva er VOEC-registeret? 

VOEC står for Vat on E-commerce. Det er ei ordning som skal gjere det enklare for nettbutikkane å krevje inn og rapportere meirverdiavgift (moms) til Noreg. Dersom ein handlar frå ein nettbutikk som er med i denne ordninga, må ein ikkje betale moms og toll etter at varet kjem til Noreg. Dette blir betalt til nettbutikken når du handlar.

Det blir billigare å handle på nettsider som er med i VOEC-registeret, enn å måtte betale toll når varet kjem til Noreg, ifølge Tolletaten.

Korleis fungerer dei nye tollreglane?

Kva kan ein ikkje handle gjennom VOEC-registeret?

Alkohol, tobakkssvarar og mat er eksempel på varer ein ikkje kan handle via VOEC-registeret. Da må ein uansett betale moms og toll etterpå.

Det same gjeld for varer som kostar frå 3000 kroner og oppover.

Handlar ein frå ei nettside der moms blir betalt som ein del av prisen, kan ein spare pengar.

Viss ein handlar frå aktør som ikkje er VOEC-registrert, så må ein jo betale momsen ved innførsel, og så må ein i tillegg betale fortollingsgebyr til aktøren, seier Skår.

Du må altså betale for at nokon skal gjere fortollingsjobben.

Les også Nå kan tollerne promilleteste sjåfører

7iZmgyraZCI

Merkar pakkane feil

Posten Bring ser også ein auke i pakkar som kjem frå netthandel i utlandet.

Vi har, som forventa, hatt ein stor auke i fortollingsvolumet etter nyttår. Det har vore ein auke på rundt 4–6 gonger vanleg fortollingsvolum, seier Kenneth Tjønndal Pettersen, kommunikasjonssjef i Posten Bring.

Kenneth Tjønndal Pettersen, pressesjef Posten Bring

Kommunikasjonssjef i Posten Bring, Kenneth Tjønndal Pettersen seier at dei merkar ein auke i pakkar frå utanlandske nettbutikkar.

Foto: Posten Bring

Han forklarer at også dei har fått fleire spørsmål knytt til dobbel fortolling.

Årsaka til at dette skjer er feil merking av pakkane.

Det kjem inn store volum med pakkar frå utlandet og dessverre er det for mange av desse pakkane som er merkte feil frå utanlandske nettbutikkar. Da blir dei fortolla på nytt ved framkomst.

Les også Blei hacka på Facebook: – Det kjennest som dei har vore i huset vårt og tatt det dei kan

Kvinne med mørkt hår og mørke klær lener seg over kanten av en båt og ser utover vannet.

Meiner nettbutikkar må opplyse kundar

Søstera Helena Lundin har handla ein del på nett, men ho har også vore forvirra.

Dei meiner nettbutikkar burde opplyse meir om reglane og kor stor kostnaden for toll og moms er.

– Det står ingenting om det der du handlar, seier Helena.

Les også Her kan de ansatte sove midt i arbeidstiden

En kvinne med en rosa jakke ligger i en sofa under et pledd.