Hopp til innhold

Kven er dette sin pakke?

Posten leverer ikkje berre pakkar og brev til folk. Dei utfører også djuptgåande detektivarbeid. For når både avsendar og adressat manglar, må Posten på menneskejakt.

Geir Gjelsten
Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Sist ut: Ei dame som posta strikketøy.

– Det var ei hyggeleg vaksen dame her torsdag, og ho blei ekspedert av våre kundebehandlarar, opnar Geir Gjelsten.

Han er dagleg leiar ved Ålesund postkontor, og leitar no etter ei strikkeglad dame.

I går, fredag 19.09.2013 cirka klokka 16.00, hadde vi besøk av ei hyggeleg, vaksen dame på postkontoret som skulle sende ein liten pakke med noko strikketøy i posten.

Opninga på Posten si etterlysningstekst

– Ho hadde eit sånt fint strikketøy som ho skulle sende til ein eller annan. Det blei litt diskusjon og kundebehandlarane skrytte og beundra strikketøyet. Ho kjøpte øskje og frimerke, men så gløymde ho å skrive adressat og avsendar.

No ligg sendinga i Ålesund.

– Eg veit ikkje kvar vi skal sende den, slår Gjelsten fast.

«Kommisjonen for ubesørgeleg post»

Pakken er ikkje åleine om å vere åleine i verda, utan noko mål i eit kort liv.

– Det skjer nok «dann og vann», minst éin gong i veka, fortel Gjelsten til NRK.

Posten har rutiner der vi sender slike såkalla «ubesørgelege» sendingar til ei sentral kundeserviceeining, som kan gjere undersøkingar for å finne fram til avsendar eller adressat av slike sendingar.

Posten si etterlysningstekst

Ålesund postkontor er eitt av mange postkontor, og med stablar av pakkar utan mottakar må Posten gjere noko for å få pakkane dit dei skal. Posten skal jo fram!

– Om vi ikkje greier å få tak i dama med strikketøyet no, så har vi rutinar for slikt. Då sender vi det til ei «ubesørgeleg»-avdeling i Posten.

«Ubsørgelege» pakkar er dei som altså ikkje har moglegheita til å nå mottakar av delvis eiga maskin.

– Avdelinga undersøker meir. Dei har lov til å gå inn i sendinga for å sjå om det står noko om avsendar og adressat der. «Kommisjonen for ubesørgeleg post» heitte den éin gong i tida. Så dei er profesjonelle og jobbar med dette.

– Trur ho var sunnmøring

Ein finn ikkje alltid fram til pakken sin avsendar eller håpt mottakar, men oftast kjem pakkane fram, seier Gjelsten.

Strikketøyet var visstnok produsert etter ein litt spesiell strikkemetode. Det ville vere veldig synd om sendinga ikkje kjem fram til rett person! Det viser seg nemleg at dama har gløymt å skrive på sendinga!

Posten si etterlysningstekst

Pakken som no er «vêrfast» i Ålesund skal i alle fall til Noreg.

– Ja, det er norsk porto, så det er nok i Noreg.

Etter litt detektivarbeid har dei òg kome fram til at dama truleg ikkje er frå byen.

– Nei, vi trur ikkje ho er frå Ålesund, for då trur eg vi hadde kjent ho igjen. Men eg trur ho var sunnmøring, det meiner vi utan å vere 100 prosent sikre.

No håper den daglege leiaren ved Ålesund postkontor at avsendar tek kontakt.

– Det var ved Ålesund postkontor i går, cirka klokka fire. Pakken låg på transportbandet vårt, der vi plukkar sendingane våre frå. Det var både fint og ein spesiell teknikk som blei brukt i strikkinga, visst nok, så no håper vi at mottakar kan få dette strikketøyet, avsluttar Gjelsten.

Veit du kven det er sin pakke? Kontakt oss på mr@nrk.no om du trur du veit avsendar eller håpt mottakar er.

Vi tenkte at dersom sendaren les om dette og kjenner seg igjen, vil vi kunne oppbevare sendinga her inntil postavgang måndag 23. september. Kunden kan i tilfelle ta kontakt direkte med postkontoret og gi oss dei opplysningane som er naudsynt for at vi skal få sendinga fram til rett mottakar.

Posten si etterlysningstekst