Hopp til innhold

Simon Flem Devold er død

Forfattar, journalist og musikar Simon Flem Devold er død. Han vart 86 år gamal.

Simon Flem Devold

Simon Flem Devold er død, 86 år gamal.

Foto: NRK

Roger Engvik

Roger Engvik jobba saman med Simon Flem Devold i Sunnmørsposten.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ålesundaren Simon Flem Devold døde onsdag, melder Sunnmørsposten som har fått dette bekrefta av familien hans.

– Han var kanskje eitt av dei mest kreative menneska eg har kjent. Han var veldig allsidig, han var multikunstnar, seier Roger Engvik som har jobba saman med Devold i Sunnmørsposten.

– Han kunne ha ein ganske krass penn, og han stod ofte på ungdommane sine krav, seier han.

LES OGSÅ: - Jeg er spent på hva som møter meg etter døden

Saka held fram under videoen.

Nekrolog Simon Flem Devold.

Profilert journalist

Simon Flem Devold

Simon Flem Devold i Ålesund i 1965. Han var då kjent som jazzmusikar og som journalist i Sunnmørsposten.

Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

Simon Flem Devold var ein profilert journalist som starta den skrivande karrieren sin i Sunnmørsposten, og i 28 år var han redaktør av spalta «På skråss» i Aftenposten.

Han medverka også til ei rekke radio- og TV-program, og jobba også i NRK der han hadde programmet «Bare spør» kvar veke, der barn ringde inn og stilte spørsmål.

Simon Flem Devold skreiv ei rekke bøker, og i 1973 debuterte han med boka «Gutta og jeg», og boka «Morten 11 år» er oversett til mange språk.

Devold spelte også klarinett i Simon Flem Devolds kvartett som er ei av Noreg sine mest kjente jazzgrupper på 1950-talet.

Simon Flem Devold var også kunstnar, og då han hadde utstilling i heimbyen i 2009 vart bileta rivne bort på under ein time.

LES OGSÅ: "På skråss"- Simon 80 år

Saka held fram under videoen.

Roger Engvik om Simon Flem Devold.

Fekk mange prisar

Simon Flem Devold fekk Kongens Fortjenstemedalje i gull i 2002, og var den som tok initiativ til «Barn av jordas pris». Han har sjølv fått mange prisar.

Mellom anna Simon Flem Devold fått Hirschfelprisen i 1965, Paul Robesonprisen i 1988, Brobyggerprisen i 1996, Brummprisen i 1996, Wandaprisen i 1998.

Han fekk Tulipanprisen i år 2000, Åpenhetsprisen i 2006, Barnehelseprisen i 2011, UNICEF Norges ærespris i 2009.

Simon Flem Devold vart også kåra til Årets namn av Dagbladet i 1984, og i 1985 kåra Se og Hør han til Årets TV-namn.

SJÅ OGSÅ: Simon Flem Devold i Da Capo! i 1992

SJÅ OGSÅ: Simon Flem Devold snakkar med Titten Tei

Tok barn på alvor

Fritt Ords Honnør fekk Simon Flem Devold i 2012. I grunngjevinga skreiv juryen at Devold «har vore uredd i si behandling av vanskelege og kontroversielle tema, enten det har dreia seg om sjukdom og død i ung alder, homofili, psykiske problem hos barn eller konsekvensar av vaksne sine skilsmisser».

Psykolog Magne Raundalen kallar Devold «empatiens far», og seier han var banebrytande når det gjeld å ta barn på alvor.

– Barn som skreiv til «På skråss» det første året, er kanskje i ferd med å bli besteforeldre no. Og dei som hugsar korleis det var å bli høyrt av ein vaksen som barn, tar det med seg til eigne barn, seier han til Aftenposten.

Devold blei født som Helge Flem Devold i Namsos i 1929. Tre år seinare flytta familien til Ålesund, der han vaks opp. Han bytta namn til Simon som 40-åring etter å ha blitt med i Subud-rørsla.

LES OGSÅ: Fritt Ords Honnør til «barnas venn»

LES OGSÅ: Simon Flem Devold fikk ærespris

Sjå bilete frå Simon Flem Devold sitt liv:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL