Hopp til innhold

"På skråss"- Simon 80 år

- Alderen og sjukdommen gjer at eg kjenner på at eg ikkje har så lenge att. Da tenkjer eg på at livet til nå har vore fint heile tida, seier forfatter og journalist Simon Flem Devold. Her kan du sende di helsing til jubilanten.

Simon Flem Devold 80 år
Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Tysdag 17. mars var det 80 år sidan "På skråss"-generalen, journalisten og forfattaren Simon Flem Devold kom til verda. Han er kjend som ein habil jazzmusikar, som forkjempar for barns rettar og frå tv-skjermen.

Men fyrst og fremst er han "På skråss"-Simon; Mannen som har redigert barnas eiga spalte i Aftenpostens helgebilag. På sjølvaste fødselsdagen tok han turen innom Norgesglasset sitt studio, og fortalde frå eit langt liv.

Høyr Simon Flem Devold i samtale med Norgesglasset: Simon Flem Devold 80 år

For vondt

- Dei vanskelegaste sakane for meg har vore dei som ikkje kom på trykk. Det er mange brev som eg ikkje kunne trykke av omsyn til barna. Breva har rett og slett vore for vonde, seier Simon Flem Devold.

Heldigvis har han flest gode minner frå spalta som har vore lese av generasjonar kvar veke: - Dei aller fleste norske barn har det svært bra, og det har også vore tydeleg i breva. Mange skriv inn berre for å fortelja at dei er er så glade, seier Devold

Kjære Simon! Jeg er så glad i mamma at det gjør vondt inni meg. Tror du hun vet det? Beate (7)

Jeg tror nok hun har en mistanke. Men for å være sikker, Beate, så si det til henne! Da skal du se hvor glad hun blir. Simon

Fra "På skråss"

Provoserande om skilsmisse

- Vi er ikkje gode nok på å seie til kvarandre at vi er glad i dei rundt oss. Særleg barn kan tvile på om forledra er "nok" glad i dei. Det burde dei få sleppe, meiner Devold, som slettes ikkje berre har møtt velvilje frå norske foreldre, som også har sendt brev. Sinte brev.

- Mine meiningar om at barn ofte lir under foreldras skilsmisse har vore vanskeleg å svelge for mange - også for forskerane. I ei periode av livet hadde eg svært mykje problem med norske forskarar, mimrar Simon Flem Devold.

Kjære Simon! Jeg er glad i deg selv om du er veldig gammel. Faktisk. Er du glad i meg? Veronica (7)

Ja. Faktisk. Simon

Fra "På skråss"

Livsgnist

Kreftsjukdommen har teke hardt på Devold dei siste sju åra, og han legg ikkje skjul på at han ikkje har så lang tid att å leve. Til tross for det held han livsgnisten oppe og nyt dei dagane han har att. Dei deler han med kona, jobben i Aftenposten og gode vener.

- Eg har fått kjempegod hjelp av eit helsevesen som er så fantastisk at det nesten ikke er begripeleg. De gir meg ekstra tid å leve, og tid til å vere ekstra glad over alle gode ting som hender. I dag er det for eksempel sol og det er snart vår. Det gleder eg meg over nå, seier Simon Flem Devold.

Simon Flem Devold 80 år

Ein ung Simon Flem Devold fotografert i Ålesund i 1965. Da var han journalist i Sunnmørsposten og ivrig på klarinetten.

Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

Musikk kvar dag

- Musikken betyr utruleg mykje for meg. Eg høyrer lange strekk med god musikk kvar einaste dag, og det er medisin for sjel og legeme, seier Simon Flem Devold.

Han er kjend som ein habil jazzmusikar med klarinetten som hovedinstrument. Flem Devold har mellom anna spela med Marit Carlsen og Tord Gustavsen, og vore ansvarleg for S.F.D. Kvartett. Han står også bak hjelpefondet "Barn av jordens pris". I 2002 fekk han Kongens fortjenestemedalje i gull.

Send di helsing til Simon:

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.