Hopp til innhold

Alle ventar på Sigrid sitt debutalbum

Ho elskar å lage musikk og folk elskar det ho lagar. Mellom turnéar og festivalar jobbar perfeksjonisten Sigrid i studio for å gi fansen det etterlengta debutalbumet.

Sigrid på Jugendfest 2018

Popartisten Sigrid Raabe er heime i Ålesund for å opptre på festivalen Jugendfest.

Foto: Jørgen Wear / NRK

– Målet mitt er å vere 70 år og framleis lage musikk heime i stua på eit gamalt stygt piano med 40 kattar rundt meg, seier Sigrid og ler.

Artisten har opplevd enorm suksess på kort tid og innrømmer at ho kan bli litt svimmel når ho tenkjer på alt som går føre seg.

No er 21-åringen heime i Ålesund og er eitt av trekkplastera under festivalen Jugendfest, der ho sjølv har brukt å vere blant publikum.

Vart oppdaga som ryddehjelp

Popkometen vart tilfeldigvis oppdaga då ho var ryddehjelp på ein annan festival på Sunnmøre. Som betaling for ryddinga fekk koret ho song i to dagar med innspeling i studio, men koret vart oppløyst og det var berre Sigrid og to venninner som møtte opp. Då spelte Sigrid inn den heimesnikra låten «Sun» og blei oppdaga.

I 2013 vart ho Ukas Urørt som 16-åring. Fire år seinare blei låten hennar, «Don´t kill ny vibe», kåra til den «hottaste låten i verda» av BBC. På kort tid fekk ho stor internasjonal merksemd og blei omfamna av musikkelskarar. Etter å ha gjesta både «The Graham Norton Show», «The Tonight Show» med Jimmy Fallon og sunge på Nobels Fredspriskonsert blei merksemda endå større.

– Det er stas, men det er mykje å ta innover seg, seier Sigrid, som har hatt ein hektisk festivalsommar med 30 konsertar.

Les også:

Jugendfest 2018

13 000 møtte opp på Jugendfest i Ålesund, blant anna for å sjå Sigrid på scena.

Foto: Jørgen Wear / NRK

Debutplate

Å kome heim til Sunnmøre for å gå tur, vaske klede og handle i den lokale butikken får med eitt mykje meir å seie når ho lever eit hektisk turnéliv.

– Det går for det meste i å turnere og å vere i studio. Eg elskar å vere i studio og eg elskar å lage musikk, seier Sigrid.

Ho har gitt fansen sin mange låtar på få år, men éin ting ventar dei tolmodig på, og det er debutplata.

– Eg ser nesten dagleg spørsmål om når plata kjem. Det er stas. Plata blir 100 prosent meg og eg håper det blir ei gøy og kul plate som får folk til å føle ting. Plata skal vere musikk som eg ville ha høyrt på opp att og opp att.

Når det gjeld tidspunktet for når Sigrid vil sleppe sitt første album, held artisten korta tett til brystet.

– Det vil eg ikkje svare på.

Sigrid på scena under Jugendfest 2018

Sigrid Raabe på scena under Jugendfest i Ålesund.

Foto: Jørgen Wear / NRK

Ambisjonar

Den 21-år gamle popartisten frå Ålesund har ambisjonar med det ho gjer, men måla kan ho ikkje seie høgt, for då kan det hende dei ikkje går i oppfylling.

– Sjølvsagt handlar det mykje om å ha det gøy, men det er minst like mykje alt det andre som skjer rundt musikken. Og det er spennande å sjå kor langt eg kan ta ting. Om ein blir lei, treng ein berre å få litt luft og så skjønar ein kvifor ein gjer det.

– Du er litt heldig også?

– Ja, er du gal! Eg er superheldig! Det er heilt sjukt det som skjer.