Hopp til innhold

Musikkgigant satsar på sunnmørsjenta Sigrid

Apple Music omfamnar Sigrid Raabe frå Ålesund og kjem til å satse tungt på den 20 år gamle ålesundsjenta, skriv VG på nett.

Sigrid Raabe by:Larm 2017

Bylarm er mellom mange scener Sigrid Raabe frå Ålesund har sunge frå etter at karrieren hennar byrja å ta av både nasjonalt og internasjonalt.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Sigrid Raabe går frå den eine suksessen til den andre i musikkbransjen. Ikkje før har debut-singlen hennar "Don`t kill My Vibe" slått an verda rundt, så hankar ei av verdas største og mest ressurssterke streamingteneste henne inn.

Begeistring utan ende

Sunnmørsjenta har på kort tid kapra hjartet til musikkelskarar over heile verda.

For vel ein månads tid sidan var ho heime i Ålesund og tok seg ein pustepause etter reising, konsertar og alt oppstyret "Don`t kill My Vibe" har skapt.

Sigrid Raabe

20-åringen frå Ålesund kan smile over at ho begeistrar stadig fleire med songen og musikken sin.

Foto: Remi Sagen / NRK

I følgje VG har store internasjonale tidsskrift som Billborad, The Guardian, NME, Newsweek og Entertainment Weekly omtalt og portrettert Sigrid berre dei siste vekene.

Apple presenterer i dag 20-åringen frå Ålesund som neste artist i den internajsonale serien deira "Up Next".

Det er i følgje musikkanmeldarar i VG, Tor Martin Bøe, eit slags internasjonalt Bylarm.

– Noko veldig stort på gang

Han meiner at når eit slikt kvalitetsprogram vel Sigrid som andre artist ut, er dette enno viktigare enn då Kygo blei brukt i reklame for tenesta for to år sidan.

– Dette er i stadfesting om at Sigrid har noko veldig stort på gang, seier Bøe til eiga avis.

Sigrid Raabe

I februar blei songen hennar kåra til den «hottaste låten i verda av BBC».

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Dermed blir Sigrid promotert på Apple Music i ein månad framover.

Sigrid skal natt til fredag norsk tid, også vere gjest på James Cordens «Late Late Show» på CBS, som blir sendt live i Los Angeles, der Sigrid no held til.

Se Sigrid sin opptreden her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL