Sigrid tek USA med storm

Den amerikanske musikkanalen MTV frontar artisten Sigrid på sine kanalar denne månaden.

Pressefoto av Sigrid fra Petroleum Records.

Sigrid har hatt stor suksess det siste året. Denne månaden sett MTV fokus på artisten frå Ålesund.

Foto: Petroleum Records

Kvar månad setter MTV PUSH fokus på ein artist som dei meiner er det neste store. Og Sigrid er i godt selskap. Tidlegare MTV PUSH-artistar inkluderer mellom anna internasjonale superstjerner som Justin Bieber, Ke$ha og Bruno Mars, for å nemne nokre.

– Det er skikkeleg kult, og litt rart å sjå seg sjølv på ein billboard i New York. Det er artig å få vere med på denne kampanjen, seier Sigrid til NRK.

Ho har også delt ein video på Instagram-kontoen sin der du kan sjå artisten på ein av dei store reklameskjermane på Times Square i New York.

– Times Square med MTV. Takk for at eg får vere PUSH-artisten denne månaden!, skriv ho under innlegget.

Artisten frå Ålesund har hatt stor suksess den siste tida. I januar vann ho BBCs prestisjefulle Sound of 2018-kåring. Ho har også opptredd på «Graham Norton Show» i Storbritannia og Nobels fredspriskonsert. I tillegg spelte Sigrid for nærmare tre millionar amerikanarar då ho opptredde på det amerikanske tv-showet «The Tonight Show» i slutten av april.

Sigrid får EBBA-prisen 2017

I januar vann Sigrid BBCs prestisjefulle Sound of 2018-kåring. Ho blei også «Årets nykomar» under Spellemannprisen i år.

Foto: Tom Arne Moe / NRK

I eit intervju med MTV fortel Sigrid mellom anna om bakgrunnen for den nye låten «Raw».

– For meg betyr det å vere «Raw» at ein viser både dei gode og dårlege sidene ved nokon. For meg er det viktig å ha ekte relasjonar. Om det gjeld vennar, jobb, ein kjærleiksinteresse eller kva det skulle vere.

– Eg syns det er viktig å vere ærlege med kvarandre og seg sjølv, seier artisten.

I intervjuet fortel også 21-åringen om korleis ho begynte å skriv låtar allereie som 16-åring, og den nære relasjonen ho har til familien sin. Sigrid fortel også at ho jobbar med ny musikk.

– Eg skriv framleis musikk på den same måten, bak pianoet, seier ho.

Sigrid si framføring av låten «Raw» for MTV PUSH kan du sjå her.

MTV har delt fleire innlegg om Sigrid, mellom anna på Twitter og Instagram.

Laster Twitter-innhold

21-åringen er for tida på turne i Europa og USA og spelte også på ein av verdas viktigaste musikkfestivalar, Coachella, i april.