Hopp til innhold

– Vil vere positivt for vidare rekruttering

Det at Volda sjukehus truleg får behalde akuttkirurgien vil vere viktig for den framtidige rekrutteringa meiner anestesioverlege ved sjukehuset Rune Heggedal.

Volda Sjukehus

Volda sjukehus får truleg behalde akuttkirurgien fram til 2022.

Foto: Remi Sagen / NRK

Rune Heggedal, anestesioverlege ved Volda sjukehus, ser lyst på framtida til sjukehuset. Like før helga kom nyheita om at administrerande direktør i Helse Midt-Norge Stig Slørdahl anbefaler at sjukehuset får behalde akuttkirurgien i perioden 2018–2022. Direktøren seier likevel at det kan verte utfordrande å sikre nok kirurgar til sjukehuset, grunna det lave pasientgrunnlaget.

Stig Slørdahl

Stig Slørdahl anbefaler at sjukehuset får behalde akuttkirurgien i perioden 2018–2022.

Foto: Geir Vidar Nubdal/NTNU

Heggedal trur derimot at det å berge akutten vil vere med på å sikre rekrutteringa til sjukehuset.

– Det betyr at unge legar og anna helsepersonell kan søke seg hit til oss og vite at dei har ei framtid her i kirurgiske fag. Det at dei kan satse på å vere her i yrkeslivet sitt og ha eit fornuftig jobbinnhald er viktig, seier han.

Heggedal trur det vil føre til meir stabilitet.

– No har vi hatt ei god rekruttering til trass for uvissa som har prega sjukehuset i Volda, men dette vil gjere det mykje lettare for oss å rekruttere, seier han.

Stort engasjement

Den endelege avgjerda i denne saka kjem i det komande styremøte til Helse Midt-Norge. Heggedal fryktar likevel ikkje at resten av styret kjem til å gå imot innstillinga til Slørdahl.

Rune Heggedal

Rune Heggedal, anestesioverlege ved Volda sjukehus, ser lyst på framtida til sjukehuset.

Foto: Remi Sagen / NRK
Fakkeltog for sjukehuset i Volda 251115

Fleire tusen samla seg til fakkeltog i Volda i november.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Nei, ein har sjølvsagt vendt seg til at mykje kan skje, men det er ikkje noko som tyder på det.

Sjukehuset har tidlegare frykta at dei ville miste akuttkirurgien som følgje av forslaget til den nye nasjonale helse- og sjukehusplanen. Saka har skapt mykje engasjement og i november gjekk fleire tusen gjekk i fakkeltog for å vise sin støtte til sjukehuset i Volda. Og då helseminister Bent Høie kom til Volda i desember sparte heller ikkje aksjonistane på krutet.

– Den støtta som Volda sjukehus har i befolkninga er eineståande. Det trur eg er noko både styret, regjeringa og stortinget har merka seg, seier Heggedal.

Han seier det betyr mykje for dei tilsette ved sjukehuset at dei får denne støtta.

– Vi føler støtta både frå folk i Volda, på Sunnmøre og i Nordfjord. Det betyr mykje å ha tillit i befolkninga, seier Heggedal.