Hopp til innhold

Takkar legane i Volda for livet

Ma Ortiz trudde ho og dottera Bianca (8 månader) kom til å døy. Tysdag kveld er ho ei av nesten 10 000 menneske som går i fakkeltog for sjukehuset i Volda.

Ma Ortiz og dottera under fakkelaksjonen i Volda tysdag

Ma Ortiz og dottera Bianca (8 månader) var tysdag kveld i Volda for å demonstrere mot nedlegging av akuttfunksjonen.

Foto: Remi Sagen

Fotografen Ma Ortiz frå Ørsta er ei av dei som tysdag kveld gjekk på talarstolen i Volda for å kjempe for at akuttkirurgien ikkje blir lagt ned. I mars blei jenta hennar fødd nesten seks veker for tidleg.

- For meg og dottera mi sto det om livet. Vi hadde ikkje hjartelyd på henne då vi blei henta av ambulansen, fortalde Ortiz gråtande frå talarstolen tysdag kveld.

Åtte månader seinare er dottera på arma eit levande bevis på at det gjekk bra.

- Vi er heilt avhengige av akuttberedskap her i Volda, hadde vi blitt henta med helikopter til eit anna sjukehus hadde vi døydd, seier ho.

Opp mot 10 000 menneske i Volda

Tusenvis i fakkeltog i Volda

Opp mot 10 000 menneske møtte opp i fakkeltoget i Volda tysdag kveld.

Foto: Remi Sagen

Dei siste dagane har enkeltpersonar gått ut og forsvart sjukehuset i Volda og forklart kor viktig det er for folk i området.

Tysdag kveld er det tusenvis som har tent faklane for å markere kor alvorleg saka er. Ifølgje politiet er det mellom 8 og 10 000 menneske til stades i Volda.

– Vi kan misse ein svært viktig funksjon på lokalsjukehuset. Då blir det ikkje akuttsjukehus mellom Førde og Ålesund, og fødeavdelinga kan også ryke, og det engasjerer folk, seier initiativtakar Synnøve Rekkedal Hill.

– Men ifølgje Høie skal omorganiseringa føre til at tilbodet blir betre?

– Det trur han ikkje på sjølv! Sjå på ansiktsuttrykket hans når han seier det. Han veit jo at det blir ikkje betre. Det er berre hans måte å argumentere på, for at vi skal kjøpe det, hevdar ho.

Legar på talarstolen

Ingeborg Henriksen

Assistentlege Ingeborg Henriksen spurte frå talarstolen tysdag kveld kor mange liv helseministeren er villig til å satse.

Foto: Frode Berg

Assistentlege Ingeborg Henriksen var den første som heldt appell for den store folkemassa tysdag kveld. Ho karakteriserer det som blank løgn å påstå at helsetilbodet blir betre, ved den nye modellen som helseminister Bent Høie har foreslått.

– Kor mange liv er staten villig til å satse, spurte ho frå talarstolen.

Hevdar det er ein falsk debatt

Kjersti Toppe

Stortingspolitikar Kjersti Toppe karakteriserer helseministeren sitt forslag som kamuflert sentraliseringspolitikk.

Foto: Frode Berg

Stortingspolitikar Kjersti Toppe frå Senterpartiet heldt også appell tysdag kveld. Ho er 1. nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og sterkt usamd i forslaget til Høie.

Eg opplever at dette er kamuflert sentraliseringspolitikk og ein falsk debatt. Legeforeininga er heller ikkje samd med Høie om at dette er bra, seier Toppe.

Ho meiner det virkar enkelt å fjerne kirurgane frå ein del lokalsjukehus, men at det ikkje gir eit forsvarleg helsetilbod i distrikta.

- Eg ønskjer å sikre eit likeverdig helsetilbod uansett kvar du bur, seier ho.

Trur dei vil snu

Initiativtakaren har stor tru på at fakkeltoget som samlar tusenvis av innbyggjarar tysdag kveld har effekt.

– Ja, det trur eg. Når Høie kjem hit vil ha få grundig informasjon frå legane og eg trur at også han vil kome til å snu, slår ho fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL