Hopp til innhold

Fryktar manglande kapasitet før Helseplattforma skal innførast

Helse Møre og Romsdal er i innspurten med å innføre Helseplattforma ved sjukehusa i fylket, men store feil og manglar er enno ikkje fiksa.

Ei gul anleggsmaskin står bak eit gjerde utanfor eit stort bygg med mange vindauge. Bygget er i fokus, med i vidauga ser ein berre den grå himmelen reflektert. Anleggsmaskina og gjerdet i forgrunnen er ute av fokus i biletet.

Ålesund og tre andre sjukehus i Møre og Romsdal skal snart ta i bruk Helseplattforma – om alt går som det skal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

220 dagar. Det er tida Helseplattformen AS har på å fikse problema om det skal verte innført ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Den 27. april 2024 er sett som absolutt siste frist for å få systemet opp og gå.

Og framleis er det vesentlege problem som ikkje er retta enno.

Det kom fram på styremøte i Helse Møre og Romsdal onsdag.

Legar har åtvara, kreftpasientar fekk sein behandling og hundrevis av prøvesvar kom ikkje fram – problema har stått i kø for journalsystemet Helseplattforma som vart innført på St. Olavs hospital i Trondheim for under eit år sidan.

No står fire nye sjukehus i Møre og Romsdal for tur: Volda, Ålesund, Kristiansund og Hjelset.

Spørsmålet er om dei rekk det i tide.

Har berre månadar att

Helseplattforma AS har ikkje greidd å fikse fleire av problema med systemet som har dukka opp på St. Olavs, eitt av dei største sjukehusa i landet.

– Det er jo urovekkande, det er ingen tvil om det, seier Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Han seier styret vil be om hyppige oppdateringar på korleis det går med journalsystemet og om problema vert fiksa.

– Det er ingen som har ønska seg den situasjonen som St. Olav no har hamna i. Men no er vi i den situasjonen, og er nøydde til å arbeide hardt for å rette dei feila som er og gå for innføring, seier Theodorsen.

For tid er det byrja bli knapt om for helseføretaket.

27. april vil Helse Møre og Romsdal starte å planlegge innflyttinga på det nye akuttsjukehuset på Hjelset i Molde.

Innan då må ein ha landa problema med Helseplattformen, om det er det som skal takast i bruk, seier administrerande direktør Heidi Nilsen.

– Om det ikkje går, kva skjer då?

– Nei, då må vi utsetje innføringa til 2026, mest truleg, seier Nilsen.

Direktøren, styret og tillitsvalde som møtte på styremøtet fryktar at dei manglar folk nok til å innføre systemet, om dei ikkje får hjelp utanfrå.

Heidi Nilsen presenterer foran styret i Helse Møre og Romsdal

Administrerande direktør Heidi Nilsen tala for styret i Helse Møre og Romsdal på møtet onsdag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Må vurdere utsetting

Styret bad om ein plan med fleire milepælar av feilrettingar og ein tidsplan for å nå desse.

Ved kvart styremøte framover, vil dei oppdatere seg om korleis det går med feilrettinga.

– No er det laga ein ny plan der desse feila skal verte retta. So lenge dei vert retta, er vi trygge på at vi kan gå for innføring ved Helse Møre og Romsdal, seier styreleiar Theodorsen.

Les også Helsetilsynet: Helseplattformen kan true pasientsikkerheten ved St. Olavs hospital

Oversiktsbilde over St. Olavs hospital.

Han seier dei på siste styremøtet i desember vil kunne sei om denne tidsplanen vert følgd godt nok til at systemet kan verte innført i april.

– Kva gjer de om de ikkje når det?

– Nei, då må vi gå attende til det systemet som vi har no, svarar Theodorsen.

Representantar for dei tilsette, er forsiktige med optimismen.

Ingve Theodorsen

Torgeir Aas understrekar at det er mykje som må fiksast før Helseplattformen kan kome pasientar til gode.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg er uroa for at det kan vere feil. Mange feil. Alvorlege feil, seier tilsetterepresentant for den norske legeforeininga, Torgeir Aas, som tala til styret under onsdagens møte.

– Har du trua på at dette vil gå bra?

– Det er no planen at vi skal gjennomføre dette, men vi må ikkje lukke auga for alvorlege problem, seier Aas.