Hopp til innhold

Vil ha gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse – FHI skal gjere ny vurdering

Kvart år blir russ alvorleg sjuke av hjernehinnebetennelse. Prisen for vaksinen gjer likevel at fleire droppar å ta den.

Markus Kippersund Henningsen, Karoline Clausen-Bekken, Liva Solenes, Russ hjernehinnebetennelse

Liva Solenes, Karoline Clausen-Bekken og Markus Kippersund Henningsen er russ på Romsdal vidaregåande skule. Dei meiner vaksinen mot hjernehinnebetennelse burde vore billegare.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Eg har høyrt mange seie at med den prisen vaksinen ligg på, så ser dei ikkje behovet for å ta den. Ei i klassen min ville heller bruke pengane på nytt vippesett til russetida.

Karoline Clausen-Bekken, Styreleiar, Russepresident

Dei fleste Karoline Clausen-Bekken snakkar med seier dei vil ta vaksinen, men når dei høyrer prisen er reaksjonen ofte «er det eigentleg nødvendig?».

Foto: Jonas Otneim / NRK

Det seier Karoline Clausen-Bekken, som er russepresident på Romsdal vidaregåande skule i Molde. Der må elevane betale 740 kroner for meningokokkvaksinen som beskyttar dei mot hjernehinnebetennelse. Clausen-Bekken meiner vaksinen burde vore billegare, slik at fleire vil ta den.

– Vaksineprisen burde vore dekka. Det er trass alt utruleg, utruleg viktig at alle tek den no før russetida for å halde oss sjølv og andre trygge.

Brukar pengane på alkohol

Markus Kippersund Henningsen er russ på Romsdal vidaregåande skule. Han trur mange ikkje veit heilt kva hjernehinnebetennelse er, og at det difor blir enkelt å velje vekk vaksinen, spesielt når ein må betale for den sjølv.

– I prinsippet hadde eg tenkt å ta vaksinen, men så fekk eg vite kva prisen var. Og då såg eg rett og slett ikkje behovet. Eg kan bruke pengane mine på andre ting.

Som kva då?

– Alkohol og klede.

Markus Kippersund Henningsen, elev romsdal vgs

Markus Kippersund Henningsen er ein av dei som ombestemte seg då han fann ut kva vaksinen kosta.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Etterlyser kunnskap

Russepresident Clausen-Bekken opplever også at medelevar ikkje veit nok om kva hjernehinnebetennelse er.

– Ein har høyrt skrekkhistorier frå foreldre om at nokon døydde av det då dei var unge. Men vi har ikkje lært så mykje om sjukdommen sjølv.

Liva Solenes fortel at då dei fekk informasjon om vaksinen før jul hadde ho ikkje bestemt seg for å vere russ. Når russetida no nærmar seg har det vore vanskeleg å finne ut korleis ho kan nytte seg av vaksinetilbodet.

– Det er ingen som veit når, kor eller korleis vi kan få vaksinen. For meg går det heilt fint å betale for den, men eg veit ikkje korleis eg skal gjere det. Vi er ungdom som har skule, jobb og fritid, og får ikkje med oss alt.

Markus Kippersund Henningsen, Karoline Clausen-Bekken, Liva Solenes, elever ved romsdal VGS

Markus Kippersund Henningsen har bestemt seg for å ikkje ta vaksinen. Karoline Clausen-Bekken og Liva Solenes vil ta den, men synest det er vanskeleg å finne info.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Har hatt møte med russen

Helsesjukepleiar Marthe-Lise Riksfjord har ikkje nøyaktige tal på kor mange som ikkje tek vaksinen, men seier det er nokre som vel den vekk.

– Det har kanskje noko med prisen å gjere.

Riksfjord fortel at dei hadde eit informasjonsmøte med russen før jul, saman med politiet og SMISO, der dei blant anna snakka om vaksinen mot hjernehinnebetennelse. Ho seier også at dei har lagt ut informasjon på den digitale plattforma elevane brukar.

– Vi kan kanskje gjerne bli flinkare også. Men som sagt gir vi informasjon både skriftleg og munnleg.

Marthe-Lise Riksfjord, helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Marthe Lise Riksfjord seier dei er godt i gang med vaksineringa mot hjernehinnebetennelse i Molde.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Vil gjere ny vurdering

Sara Viksmoen Watle er overlege ved avdeling for smittevern og vaksine i Folkehelseinstituttet. Ho seier at vi før pandemien hadde mellom 15 og 25 tilfelle av hjernehinnebetennelse kvart år i Noreg. Alle tilfella er som regel alvorlege, og krev behandling på sjukehus.

– I aldersgruppa 16–19 år har det vore mellom to og fem tilfelle årleg. Ein del av desse tilfella kjem i samanheng med russefeiring. Det skjer dødsfall blant ungdom, men det er veldig sjeldan.

Les også 18 år gammel jente døde av smittsom hjernehinnebetennelse

Stavanger universitetssjukehus

Talet på kor mange av avgangselevane på vidaregåande skular som tek vaksinen er ganske stabilt.

– I årskullet som svarar til avgangselevane i vidaregåande skule så er oppslutninga på rundt 40–50 prosent, og har vore det dei siste åra, seier Watle.

Ho seier FHI har all grunn til å tru at fleire kjem til å ta vaksinen viss den blir billegare for dei som skal ta den. I haust bestemte FHI at dei skal gjere ei ny vurdering på om vaksinen burde vere offentleg finansiert, men oppstarten av dette arbeidet har vore forskyvd på grunn av den siste pandemibølgja.

Sara Watle overlege FHI

Sara Viksmoen Watle er overlege ved Folkehelseinstituttet, og jobbar i seksjon for luft-, blod- og seksuell smitte.

Foto: Trygve Indrelid / DAM

Kommunen seier nei

Det er opp til kvar enkelt kommune å bestemme om dei vil dekke kostnaden av denne vaksinen. Nokre dekker heile beløpet, andre dekker delar av det. Og i nokre kommunar må ein betale for heile vaksinen sjølv.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Molde kommune, Tanja Thalén, seier kommunen dekte vaksinen for russen i 2019, men seinare vart det ikkje vedteke å fortsette med denne ordninga.

Les også Hjernehinnebetennelsen ødela to år for Caroline (33): – Som å ha piggtråd rundt hodet

Caroline Martens (t.v) og Suzann Tutta Pettersen deltar på Suzann pro Challenge 2014 på Bogstad golf

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL