NRK Meny
Normal

Rett frå båtdåp til opplag

Fredag døypte Farstad Shipping sin nyaste båt. Men med dårlege tider i den maritime bransjen, går båten rett i opplag.

MS Far Sentinel

Fredag døypte Farstad Shipping sin nyaste båt «MS Far Sentiel». Båten går rett frå dåp til opplag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fredag ettermiddag døypte Farstad Shipping den nybygde båten «MS Far Sentiel» med ein liten, privat dåp ved hamna i Ålesund.

«MS Far Sentiel».

«MS Far Sentiel» går rett frå båtdåp til opplag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Dåpen i dag er litt annleis enn ein båtdåp tradisjonelt ville gått føre seg.

Sola skin, men det er ein kald trekk over skipsbransje, seier konsernsjef i Farstad Karl Johan Bakken.

Den økonomiske situasjonen i den maritime bransjen gjer at båten går rett i opplag.

Vanskelege tider

Bakken fortel at dei vanskelege tidene i den maritime bransjen gjer at dei valde å tone ned dåpen av den nye båten.

Karl Johan Bakken

Konsernsjef i Farstad Karl Johan Bakken, seier at situasjonen i bransjen er krevjande.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– «Far Sentiel» er ein subseabåt knytt til olje- og gassproduksjon, og når eg seier det så skjønner dei fleste at her har vi ei utfordring, seier han.

Dette blir den fjerde båten Farstad må legge i opplag, og dei er ikkje aleine. Over 55 norske offshoreskip ligg no i opplag, og fleire reiarlag har måtte permittere tilsette.

– Det er ikkje vanleg at ein båt går frå dåp og rett i opplag. Det illustrerer kor krevjande situasjonen er no, seier han.

Hard konkurranse

Bakken fortel at situasjonen for den maritime næringa er utfordrande og at marknaden er tøft med stor konkurranse.

– Vi er rett og slett nøydd til å legge skip i opplag for å spare kostnadar. Vi har ganske god dekning for bruk av båtane, men det må lønne seg å ha dei i drift, seier han.

Likevel er det ikkje berre mørke skyer for selskapet. Nyleg kunne Farstad Shipping fortelje at to av dei tre skipa som har lege i opplag i Ålesund har fått nye oppdrag. Eit ankerhandteringsfartøy har fått ei toårs kontrakt i Brasil, og eit supplyfartøy skal til Nordsjøen.

– Det er usikre tider i den maritime bransjen, og uvissa er kor lenge dette vil vare, seier han.