Hopp til innhold

Dette er no forbode å eksportere til Russland

Noreg innfører EU sin sanksjonspakke, men vil ikkje sensurere russiske medium. Enkelte bedrifter vil få det tøft, seier NHO.

Jonas Gahr Støre på pressekonferanse.

SANKSJONAR: Frå i dag gjeld sanksjonar mot Russland også i Noreg.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Vi innfører no dei mest inngripande sanksjonane til no, sa statsminister Jonas Gahr Støre på dagens pressekonferanse.

Støre la vekt på at sanksjonane vil råke russisk økonomi.

– Målet er å stoppe og avgrense finansieringa av krigen, sa Støre.

Dermed gjeld sanksjonspakkane som EU vedtok til og med 09. mars, som ein del av norsk lovverk. Regjeringa har tidlegare fått kritikk for å bruke for lang tid til å få dette på plass.

For å dempe konsekvensane for norsk næringsliv vil regjeringa sette i verk garantiordningar for selskap som blir råka.

Brot på tiltaka er straffbart og Utenriksdepartementet ber norske bedrifter om å vare forsiktige der det er grunn til å tru at sanksjonerte selskap og personar er involvert.

– Dei får eit komplisert regelverk å ta omsyn til, sa Støre.

UD skriv at norske bankar må ha gode system for å stanse forsøk på å utbetale pengar til sanksjonerte personar og selskap.

Dei har oppretta ein hjelpetelefon for bedrifter som vert råka.

Enkelte vil få det knalltøft

Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum, trur norsk økonomi totalt sett vil tole sanksjonane bra. Dei ventar ikkje stor auke i arbeidsløysa, men at enkelte bedrifter vil få det knalltøft.

– Det gjeld særleg dei som driv handel, anten det er kjøp eller sal, med Russland. I tillegg har bedrifter som brukar mykje energi allereie starta å merke det, seier Dørum

NHO-ØKONOM: Dørum tror ikke på prisvekst ut av kontroll.

NHO: Øystein Dørum er sjeføkonom i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO.

Foto: Moment Studio / Moment Studio

Frys eigendelar

Eit sentralt punkt i sanksjonane er å fryse pengar og eigendelar til personar som har tilknyting til dei russiske styremaktene.

Tidlegare denne veka kunne NRK avdekke at ein av personane på sanksjonslista, Igor Zubarev, eig to trålarar som ligg til kai på Sunnmøre.

Les også Her ligg båtane til Putin sin partifelle

Russerbåt Kem front Fiskerstrand

Droppar å sperre Tv-kanalar

Noreg gjer eitt unntak frå linja med å følgje EU sin sanksjonspakke:

Sendingane til dei russiske Tv-kanalane Russia Today og Sputnik får halde fram i Noreg.

Dette punktet har vore omdiskutert, og regjeringa vil bruke lengre tid på å vurdere dette med omsyn til ytringsfridomen.

Les også Norge vurderer russisk mediesensur: – Skummel utvikling

3_ozqgPeDZ0

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL