Hopp til innhold

Her ligg båtane til Putin sin partifelle

Den russiske politikaren Igor Zubarev står på EU si liste over sanksjonerte personar. No ligg to av trålarane hans til kai på Sunnmøre.

Russerbåt Kem front Fiskerstrand

Den russiske trålaren «Kem» ved Fiskerstrand Verft på Sula på Sunnmøre.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Ved Fiskarstrand Veft utanfor Ålesund ligg fire russiske fiskebåtar inne for reparasjonar.

Russiske kundar har vore viktige, og står for rundt ein fjerdedel av omsetninga ved verftet.

– Det er klart det er vanskeleg. Vi prøver å behandle alle likt, og ikkje gå inn i det politiske, seier direktør ved verftet, Magne Standal.

Magne Standal

Magne Standal er administrerande direktør ved Fiskerstrand Verft. Dei har samarbeidd med russiske kundar i over 20 år.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Eigd av Putin sin partifelle

Undersøkingar som NRK har gjort viser at to av trålarane, «Kem» og «Belomorsk», er eigd av den russiske politikaren Igor Dmitrievich Zubarev. Han sit i det russiske Føderasjonsrådet for partiet Forent Russland, same parti som president Vladimir Putin.

9. mars blei han ført opp på EU si sanksjonsliste. Det skjedde etter at han stemte for å anerkjenne Donetsk og Luhansk som sjølvstendige folkerepublikkar.

– Vi stoppa arbeidet så snart vi blei kjende med dette. No er vi usikre på kva som vil skje vidare, seier Standal.

I 2021 var Zubarev på 8.-plass på Forbes si liste over russiske tenestemenn med mest inntekt. Dei estimerer at Zubarev tente 2,4 milliardar rublar i fjor.

Russerbåt Belomorsk tot Fiskerstrand

Den russiske trålaren «Belomorsk» ved Fiskerstrand Verft på Sula på Sunnmøre.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Bytta eigar

Då NRK sjekka eigarskapet i bedrifta måndag sto Zubarev som einaste eigar. Tysdag sto politikaren framleis oppført med 100 % av aksjane, men ein anna russar, Igor Viktorovich Chevychalo, er no oppført som reell eigar.

Tom Staavi i Finans Norge seier dette kan vere eitt forsøk på å unngå sanksjonar.

– Vesten har hatt sanksjonar mot russiske forretningsfolk sidan 2014. Russarane har etter kvart langt trening i å omgå sanksjonane, seier Staavi.

Finans Norge, Tom Staavi

Tom Staavi, informasjonssjef i Finans Noreg.

Foto: CF Wesenberg / Finans Norge

Heng etter

Andre EØS-land, som Island og Liechtenstein, har allereie sett i verk sanksjonane ved å vise til lovteksten til EU.

Den norske regjeringa har sagt at dei vil følgje dei same sanksjonane, men har valt å gjere det på ein annan måte. Dei vil gå gjennom, og omsette EU sine tekstar til norsk, før det vert ført inn i lovverket.

Finanstilsynet har uttalt til Dagens Næringsliv at denne forseinkinga kan gjere Noreg sårbare for dei som vil unngå sanksjonane.

I går gjekk NHO-topp Anniken Hauglie ut i same avis med kraftig kritikk til regjeringa.

– Kvifor Island har klart det, og ikkje vi, må nesten UD svare for, sa Hauglie til DN.

Også stortingsrepresentant for Venstre, Ola Elvestuen, er kritisk til tidsbruken.

– Regjeringa har bruk skandaløst lang tid på å innføre sanksjonane. Det er klart at intensjonen til EU er at slike skip skal bli sett i arrest. No har sanksjonerte russarar ei luke der dei kan flytte verdiar ut av Noreg, seier Elvestuen.

Ola Elvestuen Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

Ola Elvestuen sit på Stortinget for Venstre.

Foto: Stian Lysberg Solum

– Skal bli frosne

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Eivind Vad Petersson (Ap), seier til NRK at han ikkje kan kommentere enkeltsaker, men at dei jobbar på spreng med sanksjonsreglane. Han vektlegg at det er viktig at desse har god kvalitet, er i tråd med norsk lov og kan tre i kraft så snart som mogleg.

Statssekretær Eivind Vad Petersson.

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Eivind Vad Petersson (Ap), seier dei jobbar på spreng med sanksjonsreglane.

Foto: Sturlason / Utenriksdepartementet

På generelt grunnlag seier han at sanksjonane Noreg innfører inneber at eigendelar, inkludert skip, som tilhøyrer sanksjonerte personar eller selskap, skal bli frosne.

Det inneber å hindre at eigedelar blir nytta til å skaffe pengar, varer eller tenester. Pengar og eigedelar skal heller ikkje stillast til rådigheit, verken direkte eller indirekte, eller vere til fordel for den sanksjonerte, seier han.

Fiskerstrand Veft ligg i Sula kommune like utanfor Ålesund.