Hopp til innhold

Reagerer på tights-reklame

«Liten eller stor rompe – vi har tightsen som får gutta til å roope» – slik reklamerte sportsbutikken XXL i Ålesund for treningsklede. – Heilt utruleg og eit lavmål, seier Ina Margrethe Enoksen, som oppdaga plakaten tilfeldig.

Reklameplakat XXL

Det var denne plakaten ved XXL i Ålesund som fekk Ina Margrethe Enoksen til å reagere.

Foto: Ina Margrethe Enoksen

– Eg tenkjer på dei unge jentene som skal kjøpe seg tights, og håper at dei ikkje gjer det for å få gutane til å rope, seier Enoksen.

Det var onsdag formiddag at ho oppdaga plakaten då ho var innom XXL sin butikk i Ålesund.

– Min første reaksjon var at dette måtte vere ein spøk. Men når eg skjøna at det var meint alvorleg, vart eg rett og slett sint, seier ålesundskvinna.

Russelåt-nivå

Ho meiner plakaten bruker seksualisering av jenter for å selje eit klesplagg.

Ina Margrethe Enoksen

Ina Margrethe Enoksen synest plakaten minner mest om teksten i ein russelåt.

Foto: Privat

– Det er eit nivå som eg trudde me var ferdige med for mange år sidan. Teksten på plakaten minner om ein russelåt-tekst, og eg synest ei stor kjede som XXL bør leggje lista litt høgre enn det.

Enoksen meiner plakaten bidreg til å auke kroppspresset mot unge jenter.

– Vi som er vaksne må ta ansvar og seie at slikt som dette ikkje er greitt. Det kan verke som dei som har laga plakaten ville vere morosame, men dette er total skivebom, seier ho.

XXL legg seg flate

Ho tok affære og posta biletet av plakaten på XXL sine facebook-sider, med spørsmål om kjeda står inne for teksten.

På Facebook svarer XXL sentralt at dei legg seg flate, og at dei vil be om at plakaten blir fjerna. Det har ikkje lukkast NRK torsdag kveld å kome i kontakt med XXL i Ålesund.

Ina Margrethe Enoksen er glad for at kjeda tek sjølvkritikk.

– Dei vinn ikkje akkurat likestillingsprisen med dette, seier ho, og foreslår samstundes at dei tilsette stiller i 8. mars-toget neste år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL