Hopp til innhold

Provosert over denne skuledagboka

Lise Knudsen vart sint då klassen fekk delt ut gratis skuledagbok. Ein halvnaken modell prydar framsida.

Skuledagbok

Elevar i Møre og Romsdal har fått delt ut gratis skuledagbok. Framsidebiletet provoserer både elevar og lærarar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lise Knudsen

Lise Knudsen vart sint då ho fekk skuledagboka og meiner at framsidebiletet ikkje er passande.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I heile landet får studentar og elevar i vidaregåande skule delt ut ei gratis skuledagbok frå det skandinaviske medieselskap. 30 ulike versjonar er trykt opp.

Den skuledagboka elevane i Møre og Romsdal får, har reklame frå ein klesbutikk på framsida. Den kvinnelege modellen har berre på seg shorts som er kneppa opp, medan den mannelege modellen er fullt påkledd.

Reagerte med vantru

Då Lise Knudsen, som er elev ved Akadamiet i Ålesund, fekk sjå boka, vart ho sint.

– Eg er vantru. Første tanken min var at dette viser alt som er gale med samfunnet, seier Knudsen.

Ho reagerte spesielt på at modellen har kneppa opp shorts, og meiner at dette slett ikkje er ei reklame for klede. Klassevenninne Lovise Høyberg reagerer også sterkt og meiner at det kan tolkast som om kvinna sel sex.

LES OGSÅ:

Elevrådet er engasjert

Provosert over skuledagbok

Desse elevane ved Akademiet i Ålesund har reagert på skuledagboka dei fekk delt ut.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Elevrådsleiar Håkon Strand, vil ta opp saka med dei andre i elevrådet og diskutere om dei skal gå vidare med den. Sjølv tenkte Strand først ikkje over framsida av skuledagboka.

– Men etter kvart byrja eg å lure kva som er poenget med ei slik framside, seier Strand.

Stort kroppspress

Også lærarar meiner at framsidebiletet er upassande. Dei diskuterte først om dei skulle late vere å dele ut boka, men bestemte seg for at elevane sjølve skulle få velje om dei ville ha den.

– 15-åringar har allereie mykje kroppspress frå før og vi vil ikkje sende ut eit slikt bodskap. Men dette er ikkje ei bok som skulen står bak, seier lærar Ingrid Frugård.

Ho har valt å bruke skuledagboka som tema i psykologitimane sine og prata om kjønnsrollemønster.

– Merkeleg bodskap

På side to i boka er det ei helsing frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som ynskjer elevane ein lærerik haust.

– Skuledagboka sender ut ein merkeleg bodskap med framsida og deretter kunnskapsministeren som kommenterer kva som er viktig at elevane tar fatt på i utdanninga si, seier Frugård.

Ingrid Frugård

Ingrid Frugård er lærar på Akademiet i Ålesund. Ho har brukt skuledagboka i undervisning.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Skal ikkje skje igjen

Torstein Solheim i Det skandinaviske medieselskap seier at dei er klar over problemstillinga og at leiinga har diskutert saka.

– Vi fekk inn biletet like før det skulle i trykken og det har nok gått for fort i svingane, seier Solheim.

Solheim trur ikkje nokon har tatt skade av biletet, sidan elevane er omgitt av slike bilete i kvardagen både i dagsaviser og på reklameplakatar.

– Vi vil vere minst mogleg kontroversielle og skal sørge for at slikt ikkje skjer i neste års utgåve, seier Solheim.

Dei har trykt 5000 eksemplar av skuledagboka med denne framsida. Til saman 250.000 skuledagbøker vert delt ut i ulike versjonar.

Akseptabelt bilete

Det er klesbutikken Modo som står bak reklamen som elevane har reagert på. Dagleg leiar Aleksander Granmo Kobbevik seier han forstår at enkelte elevar har reagert.

– Biletet representerer godt merket som det skal selje, men eg forstår at elevar syns dette blir litt på kanten dersom det blir tolka som eit uttrykk for eit kroppsideal, seier han.

Han seier dei diskuterte biletet før dei godkjende det, men meiner det er akseptabelt fordi merket det skal selje har eit ungt image med fokus på det rebelske.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL