Hopp til innhold

Raabe: – Det har vore heilt sjukehus

Sigrid Raabe har hatt det hektisk sidan pophiten «Don't Kill My Vibe» blei gjeven ut. Fredag kom musikkvideoen og om kort tid kjem det meir frå 20-åringen.

Sigrid Solbakk Raabe

Det kjem ny musikk frå Sigrid Raabe førstkomande fredag. Om ikkje altfor lang tid kjem 20-åringen med sin første EP.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det har vore heilt sjukehus! Veldig travelt, veldig gøy og veldig spennande.

Slik oppsummerer Raabe tida etter at singelen hennar «Don't Kill My Vibe» blei sleppt. BBC kåra til den hottaste i verda, singelen nærmar seg ni millionar avspelingar i Spotify og den unge ålesundaren har fått merksemd verda rundt.

Rett før helga kom musikkvideoen til songen.

– I dag er den ute. Du burde verkeleg sjå den, eg er så glad! fortalde 20-åringen.

Improvisert dans på stranda

Videoen blei spelt inn på ei stranda i Los Angeles for nokre veker sidan, fortel Raabe til NRK.

– Det er ein fransk produsentduo som heiter J.A.C.K som står bak videoen. Eg fekk springe rundt på ei scene laga av noko spegel-liknande plastmateriale, seier ho.

Før innspelinga hadde ho dansetime med koreograf. I videoen kan vi sjå 20-åringen danse improvisert rundt framfor ei eit koppel av fargerike bakgrunnar.

– Vi var eigentleg på promoturné i USA, så det var ordentleg koseleg å få besøk av heile bandet på settet, seier Raabe om «avbrekket» med musikkvideoinnspeling.

– Tett opplegg

Sidan singelen kom ut har Raabe imponert heile Skandinavia under Bylarm i Oslo, opptredd i London og på den kjende festivalen South By Southwest i Texas. I tillegg har musikkmagasinet Rolling Stone henne på lista over ti artistar du «må få med deg» i månaden som gjekk.

Tida framover ser ikkje ut til å bli rolegare.

– Det er tett opplegg. I april slepper eg min aller første EP, seier artisten til NRK.

EP-en kjem seinare i april, medan det førstkomande fredag 7. april blir sleppt eit knippe remiksar av Don't Kill My Vibe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL