NRK Meny

Elton John beundrar Sigrid Raabe

Sjølvaste Elton John er frå seg av beundring over artisten Sigrid Raabe frå Ålesund.– Raabe kjem til å klatre til topps på listene med singelen «Don't kill my vibe», seier han.

Sigrid Raabe og Elton John

Sigrid Raabes «Don't kill my vibe» har verkeleg falle i god smak hos Elton John.

Foto: Danny Moloshok/Frode Berg / Reuters/NRK

Det er på musikknettstaden Amazon at Elton John trekkjer fram Sigrid Raabe.

– Sigrid er ei ny skandinavisk popsongarinne som kjem til å klatre til topps med den nye singelen sin.

Elton John er ein av dei mestseljande artistane i verda, med stor-låtar som «Candle in the wind» og «Yellow brick road». Han var spesielt merka seg stemma til Sigrid Raabe og ein gjennomført, profesjonell produksjon.

– Ho har ein høgspent vokal og med eit massiv, kompakt produksjon kjem ho til å setje eit tydeleg merke etter seg i poplandskapet, seier Elton John.

Og Elton John tek verkeleg i bruk superlativane når han karakteriserer verdshiten som Sigrid Raabe no er ute med.

– Eg rett og slett elskar låten hennar, som heiter «Don't kill my vibe».

Sigrid Raabe sjølv har merka seg den rosande omtalen frå ein av verdas fremste popsongarar. Ho har rett og slett vanskar med å finne ord, går det fram av eit intervju som avisa VG har gjort med henne.

– Eg veit liksom ikkje heilt kvar eg skal byrje. At ein av dei største artistane i vår tid skryt av meg og «Don't kill my vibe» er berre så «sjukt», seier ho til VG.

Siste video/lyd

Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.
Eit heilt spesielt forskingsprosjekt er i gang ved Runde i Herøy. Aldri før er det gjort ei så stor undersøkning med bruk av ny teknologi langs kysten for å kartlegge øko-miljøet. Målet er mellom anna å finne ut kvifor bestanden av toppskarv og lundefugl går så kraftig ned.