Hopp til innhold

Pusta letta ut

Familien Øverås fra Vestnes pusta letta ut etter at det ikkje vart streik mellom SAS-pilotane.

Familien Øverås på Vigra

Familien Øverås fra Vestnes pusta letta ut etter at det ikkje vart nokon storstreik mellom pilotane i SAS

Foto: Remi Sagen / NRK

Tolv stykker frå Vestnes-familien skal til London for å feire 50-års dagen til kona mi, fortel Dag Øverås.

Måtte legge om ruta

Dag Øverås og dei andre i familien pusta letta ut etter at det i 04-tida torsdag morgon blei kjent at det ikkje vart nokon storstreik mellom pilotane i flyselskapet. Dei siste dagane har vore svært spanade for familien som har gleda seg lenge til turen.

Då meldinga kom om at SAS måtte avlyse ein del ruter torsdag, valde Dag å endre ruta slik at dei reiser Ålesund - Bergen - København og så London.

Familien Øverås sjekker inn på Vigra

No blir det 50-års feiring i London for familien Øverås

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er verdt det likevel, seier Øverås.

Kun eitt innstillt fly

Torsdag morgon var det svært lite folk på Ålesund Lufthavn. Sjuflyet til SAS hadde berre 35 passasjerar. Flyet 09:15 vart kansellert og er den einaste flyginga som vart råka på Vigra.

Stasjonssjef Severin Molnes i Wideøes Ground Handling seier det verka som om folk har bokka om og funne alternative løysingar.

Også SAS-flyet frå Molde i 09:25 har blitt kansellert