Hopp til innhold

Den mystiske pakken var truleg tjuvgods

Ein mystisk pakke har halde Ålesund luftham, Vigra, stengd sidan klokka 15.00. Flyplassen var stengd i over fem timar. Pakken var ufarleg og inneheldt ifølgje politiet truleg tjuvgods.

Bombegruppa Vigra

BOMBEGRUPPA FERDIG: Her har bombegruppa i politiet akkurat konstatert at pakken ved flyplassen er ufarleg. Dermed kunne flyplassen opne etter å ha vore stengd i over 5 timar.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Ved 20.30-tida var bombegruppa i politiet ferdige med undersøkingane av pakken og flyplassen kunne opnast.

Laster Twitter-innhold

Det var måten pakken var laga på som gjorde dei som varsla mistenksame. Pakken var nemleg surra med teip og plastfolie.

– Det var dette som vekte mistanken. Pakken var også umerka og plassert like ved inngangspartiet på ein unaturleg måte, seier innsatsleiar Arne Lid Skodje til NRK.

Det var tilsette ved flyplassen som oppdaga pakken og som melde frå til politiet. Like etter blei flyplassen evakuert og stengd. Politiet oppretta så ei tryggingssone som strekte seg 200 meter frå der pakken låg.

Arne Lid Skodje

Arne Lid Skodje er innsatsleiar under politiaksjonen på Vigra.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Etterforskar vidare

Bombegruppa kom til flyplassen ved 19-tida og brukte litt over ein time på å undersøke pakken. Like etter klokka 20.30 var dei i ferd med å rydde etter seg og flyplassen kunne opne. Då gjekk det berre kort tid før passasjerane begynte å strøyme til avgangshallen.

Politiet vil laurdag kveld ikkje opplyse kva som var i pakken, men seier pakken var ufarleg.

– Her kan det ha vore eit tjuveri og vedkomande som har hatt med seg pakken har truleg mista lysta på å ha med seg innhaldet gjennom kontrollane, seier Lid Skodje til NRK.

Politiet har teke beslag i pakken og vil ikkje vise fram innhaldet. Saka skal etterforskast vidare.

Måtte overnatte i Ålesund

Helmut Kawohl var på arbeidsreise på Sunnmøre. Han arbeider i eit tysk selskap og skulle ha eit eindagskurs for personell i oljebransjen. Laurdag ettermiddag hadde han billett til flyet frå Ålesund til Amsterdam. Men på Vigra møtte han berre sperreband.

– Eg vonar verkeleg eg kjem meg heim att i dag. Det blir litt vanskeleg om eg blir verande her. Men eg får sjå, sa han til NRK medan flyplassen framleis var stengd.

Helmut Kawohl

Helmut Kawohl trudde han var bere på todagars tur til Ålesund. Men no må han utsetje heimreisa til Tyskland. KLM har innstilt avgangen laurdag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Flyet hans hadde teke av frå Amsterdam då meldinga om evakueringa kom. Flyet kom seg knapt ut forbi den nordlege kysten av Nederland før det snudde tilbake til Schipol. Avgangstidene blei stadig flytta på. Og like etter klokka 19 blei det klart at KLM innstilte avgangen sin frå Amsterdam til Ålesund. Dermed blei det heller inga reise andre vegen heller.

Klm snudde

Flyet frå KLM hadde knapt kome ut frå kysten av Nederland då dei fekk beskjed om at flyplassen ved Ålesund var stengd. Dei valde å snu tilbake til Schipol. Ved 19-tida flei avgangen innstilt.

Foto: Skjermdump / Flightradar24

– SAS gløymer passasjerane

Ut over kvelden blei fleire svært irriterte over flyselskapa på grunn av det dei meiner er dårleg informasjon. Særleg familiar med små barn fekk det vanskeleg.

– Her er ikkje mat og her er ikkje toalett tilgjengeleg, seier passasjer Synnøve Lode Knutsen.

Ho var blant dei som valde å reise inn til bysentrum medan ho venta på at flyplassen skulle opne.

– Det melder seg behov, og eg har ikkje tenkt å gå ut i skogen, sa ho.

Passasjerar Vigra

Alf Tore Leine, Johnny Søvik, Hans Viggo Sæbø og Synnøve Lode Knutsen var svært irriterte over manglande informasjon frå SAS. Dei

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Fleire fly

Straks etter at flyplassen opna blei ruteplanane oppdaterte. Flyet frå Antalya i Tyrkia fekk landingstid klokka 21.40. Det er om lag same landingstid som eit fly frå Oslo. Like etter klokka 21.00 er SAS-flyet frå Gran Canaria sett opp. Og berre litt forseinka kjem Norwegian sitt fly frå Gran Canaria til Vigra klokka 23.24.

Vigra evakuert

Politiet har sett opp sperringar i ein sone på 200 meter frå den mystiske pakken.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL