Hopp til innhold
Ålesund politistasjon.
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Politiprosjektet «Operasjon Hubro»

Oppsummert

Før sommaren blei det førebyggande prosjektet kalla «Operasjon Hubro» starta opp etter fleire valdsepisodar knytt til ungdomsmiljøet i Ålesund, Giske og Sula.

  • Dømd til ungdomsstraff

    Ein 17-åring frå Sunnmøre er dømd til ungdomsstraff for fleire forhold. Tenåringen var ein del av eit ungdomsmiljø i Ålesund og Giske som var involvert i fleire valdshendingar i vår.

    Tenåringen er dømd for vald og for å ha treft ein annan mann i hovudet med ei glasflaske på 17. mai i år. Mannen måtte sy fleire sting i hovudet.

    Han er også dømd for oppbevaring og sal av narkotika og for oppbevaring av pengar som var utbytte frå narkotikasal.

    I tillegg blei han dømd for vald og truslar mot to politibetjentar. 17-åringen erkjente straffskuld for alle tiltalepunkta då han møtte i retten førre veke.

    Retten meiner at sjølv om tenåringen har gjort seg skuldig i alvorleg kriminalitet, så vil det å sette han i fengsel truleg ikkje vere den rette løysinga. Han blir difor dømd til ungdomsstraff, subsidiært ei fengselsstraff på åtte månader.

  • Har utvida tiltale mot 17-åring

    Tiltalen mot ein 17-åring frå Sunnmøre har blitt utvida. Tenåringen var ein del av eit ungdomsmiljø i Ålesund og Giske som var involvert i fleire valdshendingar i vår.

    I august blei han tiltalt for vald og for å ha treft ein annan mann i hovudet med ei glasflaske på 17. mai.

    No er tiltalen utvida med hendingar som skal ha skjedd i etterkant av dette. 17-åringen er blant anna tiltalt for oppbevaring og sal av narkotika og for oppbevaring av pengar som skal ha vore utbytte frå narkotikasal.

    Han er også tiltalt for vald og truslar mot offentlege tenestepersonar. Under ein samtale med politiet skal han ha spytta ein politibetjent i ansiktet. Ved eit seinare høve, då politiet prøvde å få kontroll på tenåringen, skal han ha slått ein betjent i ansiktet. Han skal også ha kome med drapstruslar mot politiet ved begge hendingane. 17-åringen må møte i Møre og Romsdal tingrett neste veke.

  • Dømd og frifunnen etter ungdomsvald

    Ein 17 år gamal gut er frifunnen og ein jamaldring er dømd til fengsel i 50 dagar på vilkår - etter ungdomsvald i Ålesund.

    Guten som blei dømd får ei prøvetid på to år.

    Dei to gutane, og offeret, forklarte i retten at dei høyrde til kvar sine gjengar, og at det hadde oppstått ein konflikt mellom den dømde og offeret.

  • Dømt til fengselsstraff

    Ein 17 år gamal gut er dømt til samfunnsstraff i 100 dagar med ei gjennomføring på fem månader, subsidiært fengsel i 100 dagar for vald og truslar.

    Aktor Magne Kvalvik bad om 90 dagars samfunnsstraff då saka var oppe i tingretten førre veke. Han meinte at fengsel ikkje ville vere det rette for å få tenåringen på rett spor. Retten har vore einig i dette.

    Tenåringen er dømt for vald mot ein jamaldrande og truslar mot fleire personar. Han erkjente straffskuld for alle tiltalepunkta under rettssaka.

    Valden som tenåringen no er dømt for skjedde saman med fleire andre personar. Dei skal både ha slått og sparka den andre tenåringen medan han låg på bakken. I dommen står det at retten meiner at valdsbruken og trugslane i denne saka er alvorlege.

  • Bad om samfunnsstraff

    Aktor Magne Kvalvik bad om 90 timar samfunnsstraff, subsidiært 90 dagars fengsel, då rettssaka mot ein 17-åring blei behandla i Møre og Romsdal tingrett i dag. Tenåringen er tiltalt for vald og truslar og har erkjent straffeskuld for alle tiltalepunkta mot han. Valden mot ein jamaldrande gut skal ha skjedd saman med fleire andre. Kvalvik meiner at samfunnsstraff vil vere den beste straffa for å få 17-åringen på rett spor.

    Guten sin forsvarar, Reidar Andresen, bad om at han blir straffa på mildast mogleg måte. Dommen i saka er venta neste veke.

    Nøre og Romsdal tingrett.
    Foto: Silje Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL